Manovar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Salutt avfyrt frå ein hollandsk manovar. Måleri av Wilhelm Van de Velde d.y. frå 1707.

Manovar er ei skipsnemning danna som ein norsk variant av engelske man-of-war. Det blei brukt av Henrik Ibsen i diktet Terje Vigen (1861).[1] Man-of-war viste til store krigsskip i seglskutetida. Nemninga blei mest brukt om skip med to eller flere kanondekk.[2]

Ordet er så godt som ute av bruk i denne tydinga, men er tatt i bruk av bandet Manowar. Elles er det vanlege namnet på maneten portugisisk krigsskipengelsk portuguese mano'war.

«Man o'War» (1917–1947) var namnet på ein berømt amerikansk fullblods galopphest i mellomkrigstida.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eitrem, Hans (1940): Ibsen og Grimstad, H. Aschehoug, s. 51, 143
  2. «man-of-war (n.)», Online Etymology Dictionary
  3. «Man o' War - Racing Icon». Arkivert frå originalen 2016-04-26. Henta 2. april 2016.