Mansardtak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bustadhus frå 1917 på Lindern i Oslo syner eit døme på ordinært mansardtak på fløya med gavl til høgre, og valma mansardtak på fløya til venstre.

Mansardtak er ein taktype bygd som ein variant av saltak ved at takflatene har ein markert, langsgåande knekk av di taket er brattare nedst enn øvst. Det kan vere vindauge i dette bratte partiet for at loftet skal kunne nyttast til husvære. Denne taktypen er namnsett etter den franske arkitekten François Mansart (1598—1666), og vart særs populær på grunn av dei franske skattereglane på denne tida. Då det ikkje skulle betalast skatt for den parten av huset som låg over gesimsen, vart det ein skattefri etasje med husvære ved å byggje den øvste parten av veggen som takflate med vindauge.

Mansardtak på Glads mølle frå 1736 ved Akerselva i Oslo.

Valma mansardtak eller kombinert valm-mansardtak er eit mansardtak som har takflater ned på alle fire sidene av huset på liknande vis som eit valmtak. Dersom berre den øvste parten av mansardtaket finst på kortsidene av huset, slik at de vert ein slags avstumpa gavl på desse sidene, er taket eit halvvalma mansardtak.