Manx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mansk)
Manx
Gaelg, gaelg Vanninagh, gailck, manx
Klassifisering Indoeuropeisk
 Keltisk
  Øykeltisk
   Goidelsk

    Manx
Bruk
Tala i Storbritannia
Område Man
Manxtalande i alt ca. 60[1]
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Man
Språkkodar
ISO 639-1 gv
ISO 639-2 glv
ISO 639-3 glv
Wikipedia på manx

Manx er eit keltisk språk som vert brukt på Man. Saman med irsk og skotsk-gælisk høyrer manx til den goidelske språkgruppa, som stammar frå mellomirsk.

Den siste som hadde manx som morsmål, blir rekna å vere Ned Maddrell, som døydde i 1974, men mange har hatt manx som andrespråk både før og etter 1974. I dag er det revitaliseringsarbeid for manx på Man.

Manx har offisiell status på Man, det blir brukt på tinget, nye lover må lesast opp både på manx og engelsk før dei er rettskraftige. Det er også anerkjent som eit regionalt språk av det britisk-irske rådet.

Ortografi[endre | endre wikiteksten]

Mansk ortografi representerer ikkje goidelsk etymologi, slik irsk eller skotsk-gælisk gjer. Skriftspråket blir ofte skildra som eit forsøk frå ein engelsktalande på å skrive ned eit keltisk språk; mens det for ein engelsktalande person er umogleg å uttale irsk eller skotsk-gælisk korrekt ut frå skriftbiletet utan å først å lære om uttalen, vil det vere mogleg for same person å gjere seg forstått ved å lese opp manx.

Årsaka til denne skilnaden er at manx ikkje har vore eit skriftleg språk, mens irsk og skotsk-gælisk har hatt ein rik litteratur gjennom mellomalderen og seinare. Normeringa av eit skriftspråk kom derfor seint, og normerarane valde medvite å bruke den engelske ortografien som mal. Jf. eksempelet Isle of Man, namnet blir uttalt omtrent likt i dei tre språka, men skrive ulikt:

  • Irsk: Oileán Mhanainn
  • Skotsk-gælisk: Eilean Mhanainn
  • Manx: Ellan Vannin

I dei to første er det fleire vokalkombinasjonar som ser ut til å vere diftongar, men som er monoftongar der dei ekstra vokalane modifiserer uttalen gjennom avrunding eller tilspissing. Kombinasjonen mh er ein genitivskonstruksjon, der h blir lagt til m; kombinasjonen blir uttalt v.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.