Manualtåka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-nærbilete av knoppane i Manualtåka.

Manualtåka (katalogisert M27 og NGC 6853) er ei planetarisk tåka som ligg rundt 1200 lysår unna jorda i stjernebiletet Reven. Manualtåka er den første planetariske tåka oppdaga nokosinne, og vart oppdaga av den franske astronomen Charles Messier i 1764.[1]

I lag med andre planetariske tåker inneheld Manualtåka sokalla knoppar. Knoppane i Manualtåka har storleikar på 17-56 milliardar kilometer, noko som er fleire gonger avstanden mellom sola og Pluto. Dei har mange ulike former, alt ifrå å likna på fingrar som peikar på den kvite dvergen i midten til skyer med eller utan hale. Knottane vert danna der varm og ionisert og kald og nøytral materie møtest.[1]

Den kvite dvergen som ligg i midten av tåka har den største kjende radiusen for ein kvit dverg.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Close-Up of M27, the Dumbbell Nebula» - biletteksten til Hubble-biletet på heimesida til teleskopet.
  2. Benedict, G. Fritz; McArthur, B. E.; Fredrick, L. W.; Harrison, T. E.; Skrutskie, M. F.; Slesnick, C. L.; Rhee, J.; Patterson, R. J.; Nelan, E.; Jefferys, W. H.; van Altena, W.; Montemayor, T.; Shelus, P. J.; Franz, O. G.; Wasserman, L. H.; Hemenway, P. D.; Duncombe, R. L.; Story, D.; Whipple, A. L.; Bradley, A. J. (2003). «Astrometry with The Hubble Space Telescope: A Parallax of the Central Star of the Planetary Nebula NGC 6853». The Astronomical Journal 126 (5): 2549–2556. doi:10.1086/378603.