Manuel Noriega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manuel Noriega

Statsborgarskap Panama
Fødd 11. februar 1934
Panama by, Panama
Død

29. mai 2017 (83 år)
Panama by, Panama

Yrke politikar, militær, narkotikabaron, militæringeniør
Språk spansk, engelsk
Politisk parti Partido Revolucionario Democrático
Religion katolisisme, Protestantisme
Nettstad https://de.wikipedia.org/w/index.php?title=Manuel_Noriega&oldid=165959996
Manuel Noriega på Commons

Manuel Antonio Noriega (11. februar 193429. mai 2017) var ein panamansk general som var diktator i Panama frå 1983 til 1989. Offisielt vart Noriega aldri vald inn som president, men han hadde verv som «chief executive officer» for ein kortare periode i 1989. Noriega var utdanna offiser i den panamanske hæren, og studerte militærfag og etterretning i Lima, ved to militære skular i USA, og ved den amerikanske krigsskulen ved West Point i New York.

Noriega sat i eit føderalt fengsel i Miami, dømd til tretti års fengsel for narkotika-relatert kriminalitet. Dommen vart redusert til 17 års fengsel, grunna god åtferd bak murane. Dommen var ferdigsona 9. september 2007. Frankrike sette fram krav om å få Noriega utlevert, men han motsette seg utlevering til Frankrike av di han meinte at landet ikkje kom til å gje han status som krigsfange. 26. april 2010 vart Noriega likevel utlevert til Frankrike.[1]

I Frankrike sat Noriega fengsla for kvitvasking av pengar. Den 12. desember 2011 vart han utlevert frå Frankrike til Panama der han var sett i fengsel for å sona tre gonger tjue år for drap på politiske motstandarar og opposisjonelle panamanarar medan han sat ved makta på 1980-talet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. latimes.com, 26. april 2010: [url=http://www.latimes.com/news/nationworld/politics/wire/sns-ap-us-noriega-extradition,0,1899874.story[daud lenkje] US extradites Manuel Noriega to France, clearing way for trial on money laundering charges]
  2. «Many indifferent as Noriega returns to Panama cell». wlfi.com. 12. desember 2012. Arkivert frå originalen 12. april 2017. Henta 21. desember 2012.