Manumaurfugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manumaurfugl

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Thamnophilidae
Slekt: Cercomacra
Art: C. manu
Vitskapleg namn
Cercomacra manu
Fitzpatrick & Willard, 1990

Manumaurfugl, Cercomacra manu, er ein mellomstor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er avgrensa til eit stort utbreiingsområde i Bolivia, Brasil og Peru. Det naturlege habitatet er tropisk våt låglandsskog.

Dette er ein fugl på 15 centimeter som lever spreitt i habitat av bambus dels inne i skog langs elveleie. Hannfuglen er mørkegrå, nær svart med tynne lyse vengeband og kvite band på undersida av halen. Hoa er lysare med brunleg overside.

Manumaurfugl liknar gråmaurfugl, men gråmaurfugl lever generelt i høgare område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]