Mao Zedong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mao Zedong (1927)

Máo Zédōng (26. desember 18939. september 1976), tradisjonell kinesisk 毛澤東, forenkla kinesisk 毛泽东, Wade-Giles Mao Tse-tung, var leiar av det kinesiske kommunistpartiet frå 1935 og leiar av Folkerepublikken Kina frå 1954 fram til han døydde i 1976.

Leidd av Mao fekk partiet makta over størstedelen av Kina etter den kinesiske borgarkrigen. I Folkerepublikken Kina vert Mao gjeve æra for å ha skapt eit (nesten) sameint Kina utan utanlandsk innverknad for første gong sidan opiumskrigane. Samstundes er han kritisert for sin katastrofale økonomiske politikk, særleg under Det store spranget, for sitt brutale valdsstyre og den organiserte øydelegginga av kinesisk kultur under Kulturrevolusjonen. Mao er nokre gonger referert til som dei fire store: store lærar, store leiar, store øvstkommanderande og store styrmann (伟大导师,伟大领袖,伟大统帅,伟大舵手) . Kallenamnet formann Mao var det som vart best kjend i Vesten. Den politiske ideologien til Mao vert kalla maoisme.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Eit utval av Mao sine tankar, er attgjeve i Sitat frå Formann Mao Tse-Tung, kjend i Noreg som «Maos vesle raude».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Mao Zedong
Wikisource

Originaltekst av Mao Zedong ved Wikisource.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Asia Source biography
  • Edgar Snow: Red Star Over China, 1937
  • Li Zhisui: The Private Life of Chairman Mao, 1996.
  • Jasper Becker: Hungry Ghosts: Mao's Secret Famine, 1998.
  • Phillip Short: Mao: A Life, 1999.
  • Jung Chang og Jon Halliday: Mao: The Unknown Story, 2005.


Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.