Maorimusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blåsing av konkyliehorn, pūtātara, under ein seremoni for innsetjinga av den newzealandske generalguvernøren Patsy Reddy i 2016.

Maorimusikk (maori Te Pūoro Māori) er musikk laga eller framført av maoriar, urfolket på New Zealand. Tradisjonelt omfattar han eit vidt spekter av folkemusikk som ofte også omfattar dikt og dans.

I tillegg til tradisjonell musikk har maorimusikarar sidan den europeiske koloniseringa på 1800-talet teke til seg og fortolka mange innførte vestlege musikkstilar. Moderne rock and roll, soul, reggae og hip hop har alle fleire framståande maoriutøvarar.

Tradisjonelle former[endre | endre wikiteksten]

Ordføraren i Auckland Len Brownog medlemmene av Waitemata Community Board Pippa Coom og Christopher Dempsey syng ein waiata

Waiata[endre | endre wikiteksten]

Songar kjende som waiata kan syngast solo, i unison eller i ulike oktavar. Nokre typar song er bånsullar (oriori), kjærleikssongar (waitata aroha) og klagesongar (waiata tangi). Det er gammal skikk at alle formelle talar blir følgde av ein waiata sungen av talaren og ei gruppe støttespelarar.

EIn kan også synga inn i mindre blåseinstrument. Lyden av ein poi (raupo-ball ein svinger i eit tau) gjev eit rytmisk akkompagnement til waiata poi.

Mōteatea[endre | endre wikiteksten]

Kaptein Cook rapporterte at maoriane song ein song i «semitonar». Andre europearar melde at maorine ikkje hadde nokon vokalmusikk i det heile, eller song uharmonisk. I røynda er dei gamle songane, mōteatea, som Cook omtalte mikrotonale og gjentek ei enkelt melodiline, som regel rundt ein tone som fall ved enden av den siste lina. Det var eit dårleg teikn om ein song blei avbroten, så songarane framførte han i ulike grupper slik at kvar av dei kunne trekka pusten utan å avbryta framføringa av songen. Mervyn McLean skreiv først om mikrotonaliteten i mange mōteatea-songar i Traditional Songs of the Maori. Ngā Mōteatea av sir Āpirana Ngata er ei viktig samling av tradisjonelle songtekstar.

Maorigruppe ved Nambassa-festivalen i 1981.

Karanga[endre | endre wikiteksten]

Ein karanga er ein formell, seremoniell rop og svar-sjanger som blir brukt ved byrjinga av ein velkomstseremoni (pōwhiri) mellom stammesamfunnet i ein marae (tradisjonell møtestad) eller tilsvarande område og ei gruppe vitjande. Karangaen blir framført av kvinner. Kvinna som utfører tilropet for velkomstgruppa blir kalla kai karanga, medan kvinna som svarer på vegner av vitjarane blir kalla kai whakaatu. Karangaen følgjer eit format som omfattar ei rad diskusjonar (som whaikorero, mihi og whakawhanaungatanga) med tiltale og helsing som også viser age for dei døde, særleg dei som har døydd nyleg. Føremålet med møtet blir også omtalt ved dette høvet. Tradisjonelt var karanga ei tid der tangata whenua kunne finna ut om den vitjande gruppa kom i krig eller fred. Dyktige kaikarangaer kunne bruka utførleg språk og metaforar til å formidla viktig informasjon om gruppa og føremålet med vitjinga.[1]

Tradisjonelle instrument[endre | endre wikiteksten]

Ulike tradisjonelle maoriinstrument

Sjølv om song var den viktigaste musikkforma i før-europeisk maorimusikk, fanst det også eit rikt utval av blåse-, perkusjons- og svingeinstrument, kjende under fellesnamnet taonga pūoro. Forskarar og entusiastar som Richard Nunns, Hirini Melbourne og Brian Flintoff har funne og delt kunnskap om lydane, historia og sogene til desse instrumenta, som omfattar ulike typar fløyter, tretrompetar, perkusjonsinstrument og brummarar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]


Gjenoppliving av tradisjonsmusikk[endre | endre wikiteksten]

Som del av ein medviten plan om å gjenoppliva maorikulturen tidleg på 1900-talet fann Āpirana Ngata opp ein handlingssong (waiata-a-ringa eller action song) der stiliserte kroppsrørsler, mange med standardiserte tydingar, synkroniserte med songen. Han, Tuini Ngawai og andre utvikla eit konsertoppsett med sungen inngang, poi, haka ('krigsdans'), stokkespel, hymne, gamal song og/eller handlingssong, og sungen utgang. Grupper som utfører slike opptredenar er kjende som kapa haka. I løpet av dei siste tiåra har det utvikla seg ein høg standard blant slike grupper, som kan tevla innan ein iwi (stamme) eller innan eit kyrkjesamfunn regionalt eller nasjonalt.

I 1964 blei The Polynesian Festival skipa med det som føremål å støtta utviklinga av maorimusikk. Festivalen bytta seinare namnet til Aotearoa Traditional Māori Performing Arts Festival og så til Te Matatini.

Moderne maorimusikk[endre | endre wikiteksten]

Bryllaups-waiata med gitar.

Gitar har blitt eit nesten universelt instrument til å akkompagnera opptredenar med maorimusikk etter å ha blitt innført på midten av 1900-talet. Tidlege utøvar brukte piano eller fiolin. Nokre nyare artistar, som Hinewehi Mohi, Tiki Taane, Maisey Rika og Taisha Tari, har gjeninnført tradisjonelle instrument.

Apirana Ngata og Tuini Ngawa komponerte mange songar etter europeisk mønster for å støtta opp om maoristoltskap. Frå 1939 ville dei også auka moralen blant maoriar heime og i krigen. Mange, som «Hoki mai e tama mā» og «E te Hokowhiti-a-Tū» (til melodien frå «In the Mood») blir framleis sungne i dag. Meir nyleg har andre utanlandske musikkstilar, som jazz, swing og rock, blitt tekne inn i maorimusikken. I 1980- og 1990-åra komponerte Hirini Melbourne ei rekkje verk i ein stil tilpassa frå tradisjonell musikk, og grupper som Herbs skapte ei maoriform av reggae. Tradisjonell heavy metal er utbreidd blant maoriar i dag, med bruk av gitar liknande den til strengeplukking innan bluesrock. Eit døme på såkalla Te Reo Metal er thrash metal-gruppa Alien Weaponry.

Underhaldningsband[endre | endre wikiteksten]

Maori-underhaldningsband (show bands) blei danna på New Zealand og i Australia frå 1950-åra. Gruppene framførte ei vid rekkje av sjangrar, mellom anna ulike typar dansemusikk og kabaret, med komedie henta frå maorikulturen. Nokre slike maorigrupper byrja opptredenen sin i tradisjonelle maorikede før dei bytta til dressar og kjolar med glitter. Billy T. James var musikar i utlandet gjennom mange år, først i Maori Volcanics.[2] The Howard Morrison Quartet blei skipa på midten av 1950-talet. Dei fekk sin største hit med ein parodi på «The Battle of New Orleans» med namnet «The Battle of the Waikato», medan parodien på «My Old Man's a Dustman», kalla «My Old Man's an All Black», blei aktuell grunna kontroversen kring nektinga av maorispelarar frå å spela med rugbylandslaget All Blacks i Sør-Afrika under apartheid i 1960. Gruppa Maori Hi Five skipa ein karriere i Wellington på 1950-talet med fleire ulike stilar. Bandet drog etterkvart til Australia og så til USA, der det spelte i klubbar og kasino. Prince Tui Teka blei med i Maori Volcanics i Sydney i 1968. I 1972 vende han tilbake til New Zealand og byrja ein solokarriere.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Types of Karanga». Arkivert frå originalen 14. september 2016. Henta 29. august 2016. 
  2. Walker, Piripi. «The Maori Show Bands Part 1: Music Was A Hunger». Henta 29. august 2016. 
  3. «Prince Tui Teka». Henta 27. november 2008. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maorimusikk