Hopp til innhald

Maoriterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maoriterne
Maoriterne
Maoriterne
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Sterninae
Slekt: Sumpterner Chlidonias
Art: Maoriterne C. albostriatus
Vitskapleg namn
Chlidonias albostriatus

Maoriterne (Chlidonias albostriatus) er ei sumpterne i måsefamilien Laridae, og endemisk for New Zealand. Dette er ei lita terne som lever hovudsakleg av insekt ved ferskvatn, både elvar innsjøar og våtmarkSørøya, ho er òg ein trekkfugl som trekkjer ut til kysten. Populasjonen er minkande og Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert arten som sterkt truga, EN.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Det meste av fjørdrakta er i lys blågrått, vengene litt mørkare enn kroppen. I flukt, sett frå oversida, står den heilt kvite overgumpen i kontrast til venger og ein kløfta hale i gråblått. Nedre delen av kinna er kvite og frå undersida er halefjørene òg kvite. Utanom hekketida er panna kvit, hetta og område bak auga er i grått. I hekkedrakt får dei ei svart hette, som raudnebbterna. Nebbet og føtene får ei klårare oransje farge. Maoriterne måler 29 centimeter og veg 90 gram i gjennomsnitt.

Maoriterner hekkar på austlege delen av Sørøya, frå Marlborough sørover til Southland. Dessutan innover landet langs elvane Buller og øvre Motueka sør for Nelson. Ho er ein trekkfugl som trekkjer ut til kysten om hausten, dels til Cooksundet mellom hovudøyane, òg til austkysten av Sørøya så langt sør som til Stewart Island/Rakiura og Nordøya, så langt nord som til Bay of Plenty.

Hekkebiotopa er elvebreidder med småstein inn i landet, men òg nær kysten. Reiret er ei enkel grop i singelen, kor dei legg frå eit til fire, mest vanleg to egg. Paret rugar på skift i ca. 23 dagar og ungane flygedyktige etter ein månad. Dei hekkar i koloniar på under 50 par. Maoriterner er aggressive når dei forsvarer reirområdet og kan sette beina i hovudet på inntrengjarar.

Føda består hovudsakleg av insekt lågt over ferskvatn, dei beitar i flokkar i faste ruter oppover og nedover elvar. Dei kan òg ta småfisk. På marker plukkar dei mark og larver. Utanom hekketida lever dei fleste fuglane av små, pelagiske krepsdyr i sjøen.

Per 2021 er populasjonen er grovt estimert til 1 000-5 000[1] kjønnsmodne individ, og minkande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Maoriterne