Maps av Lesley Roy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Maps»
Song av Lesley Roy
Land Irland
Språk Engelsk
Utgjeve 26. februar 2021
Sjanger Pop[1]
Lengd 02:52
Selskap Universal Denmark
Låtskrivar(ar) Philip Strand, Emelie Eriksson, Lesley Roy, Lukas Hällgren

«Maps» (norsk 'kart') er ein song frå 2021 som vert framført av den irske songaren Lesley Roy.[2] Songen vart vald av den irske kringkastaren RTÉ til å representere Irland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Låten vart sloppen 26. februar 2021.[3][4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den irske låtskrivaren Lesley Roy vart vald av kringkastaren RTÉ til representere Irland i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Story of My Life», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. RTÉ vedtok at Lesley Roy i staden skulle delta i Eurovision Song Contest i 2021.[5]

«Maps» vart skriven og produsert hausten 2020 av Lesley Roy saman med Philip Strand og Eurovision-produsenten Lukas Hällgren, som skreiv det sveitsiske bidraget i 2019, «She Got Me». Den Stockholm-baserte låtskrivaren Emelie Eriksson var òg med på å skrive «Maps».[6]

Irland deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 18. mai, men enda på 16. og siste plass i semifinalen med 20 poeng.[7] Dimed kvalifiserte ikkje songen seg til finalen laurdag 22. mai 2021.[8] Dette var Irlands andre sisteplass på rad i ein semifinale.

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Irland (IRMA)[9] 76
Litauen (AGATA)[10] 96
Nederland (Single Tip)[11] 30

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Here's Lesley Roy's 'Maps', Ireland's Eurovision 2021 entry
  2. «Lesley Roy - Ireland - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 24. februar 2021. 
  3. «National Selection Calendar 2021» (på engelsk). 3. desember 2018. Henta 24. februar 2021. 
  4. «Lesley Roy shares 'Maps' for Rotterdam» (på engelsk). 26. februar 2021. Henta 28. februar 2021. 
  5. «Lesley Roy's story continues for Ireland» (på engelsk). 17. desember 2020. Henta 24. februar 2021. 
  6. «RTÉ Announce Lesley Roy As Ireland’s Artist For Eurovision In Rotterdam Next May – About RTÉ». Henta 24. februar 2021. 
  7. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 13. august 2021. 
  8. «Eurovision: Ireland and Australia eliminated in first semi-final». BBC News (på engelsk). 19. mai 2021. 
  9. «Irish Charts Week 9 2021, Week Ending 5 Mar 2021» (på engelsk). Henta 26. februar 2021. 
  10. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100» (på litauisk). AGATA. 28. mai 2021. Arkivert frå originalen 28. mai 2021. Henta 28. mai 2021. 
  11. «Lesley Roy – Maps». Arkivert frå originalen 5. juni 2021. Henta 2. juni 2021.