MarMoussa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MarMoussa
مار موسى
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 900−1 150 moh.
Koordinatar 33°54′00″N 35°41′06″E / 33.90°N 35.685°E / 33.90; 35.685
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
MarMoussa
33°54′00″N 35°41′06″E / 33.9°N 35.685°E / 33.9; 35.685
Wikimedia Commons: MarMoussa

MarMoussa (arabisk مار موسى, òg skrive Mar-Moussa) er ein by i Libanon i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement. Han ligg 25 km frå Beirut i ei høgd mellom 900 og 1150 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1753 bygde ei gruppe libanesiske munkar klosteret Mar Moussa Al-Habshi over ruinane av ein eldre heilagdom. I seinare år slo familiar frå Jbail, Chbaniyé og Bikfaya seg ned i området, der dei vart tilsett for å dyrke landområda til klosteret. Gradvis voks samfunnet til ein landsby kalla Mar Moussa Ed-Douar. Med støtte frå regjeringa i 1950-åra, klarte bøndene å overta jorda og utvide landsbyen. Sidan den gong er det bygd mange villaer og hus i området rundt, som er dekt av furuskog. Det mest markante landemerket i landsbyen er klosteret og vindmølla.

Innbyggjarane i MarMoussa er følgjarar av Den maronittisk-katolske kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]