Marakas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marakas
Sambaballen.JPG
Klassifiseringidiofon, rytmeinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering112.1
(Rista idiofonar eller rangler)
Døme
Musikarar

Maracas eller marakas er eit opphavleg latinamerikansk rytmeinstrument laga av ein kalebass eller liknande med eit handtak.[1] Kula er fylt med små bitar som gjev lyd når ein ristar instrumenet.[1] Maracas blir ofte brukt parvis.[1]

Maracas var opphavleg laga av amerikanske urfolk, som laga rangleinstrument med handtak av tørka kalebassar frå Crescentia-plantar.[2] Maracas er seinare blitt laga av tre eller lêr, og i nyare tid også av plastikk og kunstfiber.[3] Maracas kan vera fylt med bønner, frø, hagl, perler eller liknande. Blyhagl gjev ein sterkare lyd.[4]

Det portugisiske ordet maracá kjem frå tupiordet maráka. Dette var eit rytmeinstrument som i tillegg til den vanlege maracasutforminga også kunne vera pynta med halefjører frå fuglar som araer.[2] Instrumenta kunne brukast ved seremoniar og dans.[5] Dei kunne til dømes vera ein del av rituale for å lækja sjuke.[6]

Instrumentet er utbreidd i latinamerikansk musikk og har også vore mykje brukt i moderne populærmusikk.[1] Maracas blei også brukt ein del i kunstmusikk på 1900-talet av komponistar som Edgar Varèse, Sergej Prokofiev, Leonard Bernstein, Malcolm Arnold og John McCabe.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Maracas» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. februar 2015.
  2. 2,0 2,1 Julian H. Steward, red. (1948), Handbook of South American Indians 3, U.S. Government Printing Office, s. 43, 129, 238 
  3. «Maracas», How Products Are Made  Unknown parameter |accesdate= ignored (|access-date= suggested) (hjelp)
  4. 4,0 4,1 Kennedy, Michael; Kennedy, Joyce Bourne (2012), «maraca», i Rutherford-Johnson, Tim, The Oxford Dictionary of Music  Den ukjende parameteren |puvlisher= vart ignorert (hjelp)
  5. Robert Southey (1810), History of Brazil 1, Longman & Hurst, s. 187–188, 635 
  6. Federico Kauffmann Doig (2005), «SOUTH AMERICAN INDIANS: INDIANS OF THE ANDES IN THE PRE-INCA PERIOD», i Lindsay Jones, Encyclopedia of Religion 13 (2nd utg.), Gale, s. 8599–8605, ISBN 0-02-865982-1