Marawahøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marawah
øy
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Abu Dhabi
Koordinatar 24°17′N 53°19′E / 24.283°N 53.317°E / 24.283; 53.317
Lengd 13 km
Kart
Marawahøya
24°17′54″N 53°17′20″E / 24.298333333333°N 53.288888888889°E / 24.298333333333; 53.288888888889

Marawah (arabisk مروح) er ei låg øy utafor kysten av emiratet Abu Dhabi. Øya ligg 15 km nord for Khor al Bazm-lagunen sør i Persiabukta i Dei sameinte arabiske emirata.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Marawah ligg 100 km vest for byen og hovudstaden, Abu Dhabi. Øya er kring 13 km frå aust til vest og kring 5,5 km frå nord til sør. Det er tre øyar nær Marawah: den vesle øya Al Fiyah i vest, Junaina i søraust og Abu al Abyad i aust.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om øya er privateigd, vert det drive mykje arkeologisk utforsking på øya. I 1992 fullførte Abu Dhabi Islands Archaeological Survey (ADIAS) ei første undersøking av øya. Dei fann 13 stader som er datert frå yngre steinalder til islamsk tid.

I 2004 oppdaga ADIAS det eldste menneskeskjelettet ein har funne i regionen, mellom restane av steinalderbygningar og over 200 flintreiskap. DNA frå tennene til skjelettet synte at dei var kring 7 500 år gamle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]