Marc Overmars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marc Overmars
Marc Overmars.jpg
Personleg informasjon
Fødd 29. mars 1973 (46 år)
Fødestad Emst i Nederland
Høgd 173 cm
Posisjon Yttermidtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990-1991 Go Ahead Eagles 11 (1)
1991-1992 Willem II 31 (1)
1992-1997 Ajax 136 (36)
1997-2000 Arsenal 100 (25)
2000-2004 Barcelona 97 (15)
2008-2009 Go Ahead Eagles 24 (0)
Totalt 399 (78)
Landslag
1993-2004 Nederland 86 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Marc Overmars (fødd 29. mars 1973) er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Emst. Han spelte 86 landskampar for Nederland og skåra sytten mål. Han spelte for Ajax, Arsenal, Barcelona, Willem II og Go Ahead Eagles. Med Ajax vart han seriemeister i 1993, 1994 og 1995 og han vann også intercontinentalcupen i 1995 og Meisterligaen i 1995. Han vann også nederlandsk cup i 1993. Med Arsenal vart han seriemeister i 1998 og han vann også FA-cupen i 1998. Han spelte for Nederland i VM i 1994, VM i 1998, EM i 2000 og EM i 2004.