Marcel Hansenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcel Hansenne


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. januar 1917
13. arrondissement
Død

22. mars 2002 (85 år)
Fourqueux

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1948

Utmerkingar

offiser av Æreslegionen

Marcel Fernand Hansenne (24. januar 191722. mars 2002) var ein fransk mellomdistanseløpar og journalist frå Turcoing som i åra etter andre verdskrigen var ein av beste på 800 meter-løp.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Hansenne vart tredjemann på 800 m då EM i friidrett 1946 fann stad i Oslo, bak europameister  Rune Gustafsson frå Sverige og dansken Niels Holst-Sørensen. I 1948 forbetra Hansenne den franske rekorden til 1.48,3, einast tyske Rudolf Harbigs verdsrekordløp frå 1939 hadde gått fortare unna. Dermed var Hansenne favoritt til å ta OL-gull i London-leikane. Ettersom Hansenne ikkje var nokon spurtkanon, satsa han på å sprenge finalefeltet. Men to mann, Mal Whitfield frå USA og Arthur Wint frå Jamaica lukkast passere franskmannen som med 1.49,8 fekk bronsemedaljen. På 1500 meter kom Hansenne på ellevteplass.

Under EM 1950 i Brussel vann norske Audun Boysen, Hansenne og briten Roger Bannister kvart sitt forsøksløp. I finalen sette Boysen høg fart frå start og leia på den fyrste runda med fleire meter til dei andre løparane. Etter sekshundre meter byrja Boysen gå tom for krefter og britane Bannister og John Parlett smatt forbi han i siste sving. På oppløpet storma Hansenne fram og passerte alle, utanom Parlett. Briten vann på ny meisterskapsrekord 1.50,5, to tidels sekund føre Hansenne og Bannister. Boysen enda til sist på femteplass.

Hansenne vart ni gongar fransk meister på 800 meter; 1939, 1941–45, 1947, 1948 og 1950. På 1500 meter sigra han i 1943, 1945, 1946.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Journalist[endre | endre wikiteksten]

Hansenne arbeidde i fleire tiår i den franske sportsavisa L’Équipe, og frå 1970 til 1982 var han sjefredaktør i avisa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]