Hopp til innhald

Marcella Liburd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcella Liburd

Fødd10. juli 1953 (70 år)
Basseterre
Statsborgar avSaint Kitts og Nevis
Yrkelærar, Skrankeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversity of the West Indies
Alle verv
  • Saint Kitts og Nevis' generalguvernør (2023–) Sjå dette på Wikidata

Dame Marcella Althea Liburd (fødd 10. juli 1953[1]) er ein sanktkittisk politikar som 1. februar 2023 blei utnemnd til den femte generalguvernøren i øystaten Saint Kitts og Nevis. Ho har tidlegare vore parlamentspresident («speaker»), ho har innehatt fleire ministerpostar og vore fungerande statsminister og var opposisjonsleiar for Saint Kitts and Nevis Labour Party[a] i ein periode då dette partiet ikkje hadde regjeringsmakt.

Stillinga til generalguvernøren[endre | endre wikiteksten]

Saint Kitts og Nevis er eit konstitusjonelt monarki og statsoverhovudet er den britiske monarken, frå 2022 er det kong Charles III. Generalguvernøren blir utnemnd av monarken for eit tidsrom slått fast av monarken. Ordninga er nedfelt i Grunnloven for Saint Kitts og Nevis frå 1983, Kapittel III, punkt 21.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Liburd (til venstre) i samtale med kong Charles III på Buckingham Palace i mai 2023.

Liburd er fødd 10. juli 1953 i Basseterre, hovudstaden i Saint Kitts og Nevis.[3] Ho har bachelorgrad i juss frå Norman Manley Law School og var advokatfullmektig og advokat i høgsterett før ho byrja sin politiske karriere. Ho ble sekretær i Saint Kitts and Nevis Labour Party i 1997. I 2004 blei ho den fyrste kvinnelege parlamentspresidenten i den saintkittiske nasjonalforsamlinga. Ho gjekk av i 2008 for å stille som kandidat ved valet. Ho har blant anna arbeidd med lovverk om vald i nære relasjonar og om likeløn.[3]

I 2013 blei Liburd som fyrste kvinne vald inn i styret for Saint Kitts and Nevis Labour Party.[4] I 2015 tapte partiet hennar regjeringsmakta etter 20 samanhengjande år med fleirtal, og Liburd måtte ta plass i opposisjonen. Ho blei nestleiar i partiet i 2018.

I 2022 blei Liburd utnemnd til mellombels generalguvernør.[5] Frå 1. februar 2023 har ho vore generalguvernør.[6] Same veke blei ho tildelt den kvinnelege storkrossen av Sankt Mikaels og Sankt Georgs orden (Dame Grand Cross of the Order of St Michael and St George).[7]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Må ikkje forvekslast med People's Labour Party, stifta av Timothy Harris i 2013 då han gjekk ut av Saint Kitts and Nevis Labour Parti i protest etter å ha blitt sparka frå regjeringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hon. Marcella Liburd – St. Kitts-Nevis Labour Party». 27. juli 2018. Arkivert frå originalen 27. juli 2018. Henta 10. mars 2023. 
  2. «Constitution of St. Kitts and Nevis, 1983». Political Database of the Americas. Arkivert frå originalen 26. mai 2005. Henta 8. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Marcella Liburd». KnowledgeWalk Institute. Arkivert frå originalen 20. september 2010. Henta 10. mars 2023. 
  4. Toni Frederick (23. mai 2013). «Liburd: No Confidence Motion not discussed at Labour Conference». West Indies News Network. Arkivert frå originalen 18. juli 2014. Henta 10. mars 2023. 
  5. «Marcella Liburd JP Appointed as Governor-General of St Kitts and Nevis». Associates Times. 1. februar 2023. 
  6. «HER EXCELLENCY DAME MARCELLA LIBURD GCMG, JP INSTALLED AS FIRST FEMALE GOVERNOR-GENERAL OF ST. CHRISTOPHER AND NEVIS». SKNIS. 3. februar 2023. 
  7. «Her Excellency Dame Marcella Liburd GCMG, JP installed as the first female Governor-General of St. Christopher and Nevis». SKN Vibes. 8. februar 2023.