Marcello Malpighi
| Marcello Malpighi | |||
| Carlo Cignani: Portrett av Marcello Malpighi | |||
| Fødd | 10. mars 1628 Crevalcore | ||
|---|---|---|---|
| Død | 29. november 1694 Roma | ||
| Nasjonalitet | Kyrkjestaten | ||
| Område | anatomi, medisin, biologi | ||
| Yrke | zoolog, anatom, botanikar, entomolog | ||
| Institusjonar | Universitetet i Bologna Universitetet i Pisa | ||
| Alma mater | Universitetet i Bologna | ||
| Doktorgradsrettleiar | Giovanni Alfonso Borelli | ||
| Medlem | Royal Society Arcadian Academy | ||
Marcello Malpighi (10. mars 1628–29. november 1694) var ein italiensk lækjar og naturforskar, professor i medisin i Bologna, Pisa og Messina. I sine siste leveår var han livlækjar for pave Innocens XII i Roma.
Malpighi skapte den mikroskopiske anatomien. Han studerte oppbygginga av dei aller fleste organa i menneskekroppen, undersøkte korleis ein kylling utvikla seg i egget, den indre oppbygginga av silkeormen og talrike andre dyr og plantar.
Størst rolle i vitskapen spelte hans påvising av kapillærane, noko som sluttførte William Harvey si lære om blodsirkulasjonen. Dette funnet vart offentleg kjent gjennom skriftet De pulmonibus observationes, utgitt i 1661. Seinare publiserte han ei rad skildringar av den mikroskopiske strukturen til indre organ. Anatomia plantarum frå 1675–79 er eit grunnleggjande verk om plantene si oppbygging.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Marcello Malpighi i Store norske leksikon