Marcello Mastroianni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marcello Mastroianni
Mastroianni.jpg
Fødd28. september 1924
FødestadFontana Liri
Død19. desember 1996 (72 år)
Dødsstad6. arrondissement
Aktive år1938–1996
Verka somskodespelar, filmskodespelar
FarOtteno Mastroianni
EktefelleFlora Carabella
SambuarCatherine Deneuve, Faye Dunaway, Anna Maria Tatò, Anouk Aimée, Ursula Andress, Claudia Cardinale, Lauren Hutton
BornChiara Mastroianni, Barbara Mastroianni
PrisarGolden Globe, beste mannlige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, Volpi Cup for Best Actor, César-prisen, Knight Grand Cross of the Order of Merit of the Italian Republic, Den europeiske filmprisen for livslang innsats, Sølvmuslingen for beste mannlige skuespiller

Marcello Mastroianni (28. september 192419. desember 1996) var ein italiensk skodespelar, kjend for ei rekkje prisvinnande filmroller.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mastroianni var fødd i Fontana Liri i Italia. Foreldra hans var fattige bønder. Under andre verdskrigen arbeidde han ein kort periode som teiknar, før han blei send til ein arbeidsleir av tyskarane. Han klarte å rømma, og heldt til resten av krigen i eit vindusrom i Venezia. Etter krigen drog han til Roma, der han på dagtid arbeidde som kontorist, og om kvelden byrja å spela teater.

Filmskodespelar[endre | endre wikiteksten]

Mastroianni hadde filmdebuten sin i 1947 i den italienske versjonen av Victor Hugo si Les Misérables. Frå midten av 1950-åra etablerte han seg som internasjonal stjerne. Han var minneverdig i Federico Fellini-filmen La dolce vita (1960).

Han var gift med éi kvinne frå 1948 og fram til han døydde. Likevel hadde han fleire omtalte kjærleiksforhold. Mot slutten av 1960-åra med Faye Dunaway, som han trefte under innspelinga av Et sted for elskende. Åra 1971–1975 hadde han eit kjærleiksforhold til den franske skodespelaren Catherine Deneuve, som han fekk ei dotter med.

Filmar i utval[endre | endre wikiteksten]

År Norsk tittel Originaltittel Regissør
1950 En søndag i august Domenica d'Agosto Luciano Emmer
1951 Paris er alltid Paris Parigi è sempre Parigi Luciano Emmer
1954 - Giorni d'amore Giuseppe De Santis
1956 Deilig å være kvinne La fortuna di essere donna Alessandro Blasetti
1957 Hvite netter Le notti bianche Luchino Visconti
1960 Det søte liv La dolce vita Federico Fellini
1961 Natten La notte Michelangelo Antonioni
1963 Federico Fellini
1963 I går, i dag, og i morgen Ieri, oggi, domani Vittorio De Sica
1963 Skilsmisse på italiensk Divorzio all'Italiana Pietro Germi
1964 Ekteskap på italiensk Matrimonio all'italiana Vittorio De Sica
1965 Mannen, kvinnen og pengene Oggi, domani, dopodomani Eduardo De Filippo,Marco Ferreri,Luciano Salce
1965 Mannen med ballongene L'uomo dei cinque palloni Marco Ferreri
1967 Den fremmede Lo straniero Luchino Visconti
1968 Et sted for elskende Amanti Vittorio De Sica
1970 Leo den siste Leo the Last John Boorman
1973 Etegildet La grande bouffe Marco Ferreri
1977 En spesiell dag Un giornata particolare Ettore Scola
1980 Kvinnebyen Città delle donne Federico Fellini
1982 Natten i Varennes Il mondo nuovo Ettore Scola
1985 Ginger og Fred Ginger e Fred Federico Fellini
1986 Birøkteren O melissokomos Theo Angelopoulos
1987 Sorte øyne Oci ciornie Nikita Mikhalkov
1990 Alle har det bra Stanno tutti bene Giuseppe Tornatore
1991 Storkens nølende steg To meteoro vima tou pelargou Theo Angelopoulos
1994 Den nakne sannheten Prêt-à-Porter Robert Altman
1996 Tre liv og bare en død Trois vies & une seule mort Raúl Ruiz

Ærestilvisingar[endre | endre wikiteksten]

Mastroianni (høgre) og Federico Fellini i 1990

Vunne[endre | endre wikiteksten]

  • David di Donatello
    • Beste mannlege hovudrolle
      • 1964 I går, i dag, og i morgen
      • 1965 Ekteskap på italiensk
      • 1986 Ginger og Fred
      • 1988 Sorte øyne
      • 1995 Sostiene Pereira
    • 1983 Carrer David
    • 1995 Spesial David
    • 1997 Carrer David (posthum)
  • Sølvbandet
    • Beste mannlege hovudrolle
      • 1955 Giorni d'amore
      • 1958 Hvite netter
      • 1961 Det søte liv
      • 1962 Skilsmisse på italiensk
      • 1986 Ginger og Fred
      • 1988 Sorte øyne
      • 1991 Verso sera
    • 1997 Spesial Nastro d'Argento (posthum)
  • Filmfestivalen i Venezia
    • Gulløven
      • 1990 Ærespris
    • Beste mannlege hovudrolle
      • 1989 Che ora è?
    • Beste mannlege birolle
      • 1993 Un, deux, trois, soleil
  • BAFTA-prisen
    • Beste utanlandske mannlege hovudrolle
      • 1963 Skilsmisse på italiensk
      • 1964 I går, i dag, og i morgen
  • Golden Globe
    • Golden Globe for beste mannlege hovudrolle – Filmmusical eller komedie
      • 1962 Skilsmisse på italiensk

Oscar-nominasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 1963 – Beste mannlege hovudrolle – Skilsmisse på italiensk[1]
  • 1978 – Beste mannlege hovudrolle – En spesiell dag[1]
  • 1988 – Beste mannlege hovudrolle – Sorte øyne[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Mastroianni Leaves a Memorable, Enduring Legacy» (på engelsk). 20. desember 1996. Henta 15. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Marcello Mastroianni