Marco Albarello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marco Albarello


Statsborgarskap Italia
Fødd 31. mai 1960 (63 år)
Aosta
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1998, langrenn under Vinter-OL 1992, langrenn under Vinter-OL 1994, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997

Marco Albarello (fødd 31. mai 1960) er ein italiensk tidlegare langrennar frå Aosta som vart verdsmeister på 15 km under Ski-VM 1987 i Oberstdorf og vann OL-gull i 4 x 10 km stafett på Lillehammer.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Albarello gjekk startetappen for det italienske laget som vann sølvmedalja i 4 x 10 km stafett under Ski-VM 1985 i Seefeld, individuelt vart han nummer 17 på 15 km. To år seinare overraska han stort då han vann km i verdsmeisterskapen i vesttyske Oberstdorf, knappe sju sekundar føre svenske Thomas Wassberg.

Under dei olympiske leikane 1992 i Albertville, kjempa Albarello heilt i toppen i fleire av tevlingane. På opningsdistansen 30 km vart han fjerdemann, slått av tre nordmenn. Deretter tok han sølvmedaljen på 10 km, 19 sekund bak den suverene vinnaren, Vegard Ulvang. Albarello enda så på fjerplassen i den etterfylgjande jaktstarten. Til sist fekk han eit OL-sølv då Italia sitt stafettmannskap gjekk frå dei hine laga, utanom dei norske triumfatorane.

Italia og Albarello sikra seg eit nytt stafettsølv då Ski-VM 1993 gjekk av stabelen i Falun i Sverige. I same meisterskapen kom Albarello på fjerdeplass på 30 km. Året etter vann han bronsemedalja på 10 km under vinterleikane på Lillehammer, einast Bjørn Dæhlie og Vladimir Smirnov gjekk fortare. Nokre dagar etterpå var Albarello med på ein historisk OL-siger då ankermann Silvio Fauner slo Bjørn Dæhlie i spurten i 4 x 10 km stafett. Albarello gjekk den andre etappen, Maurilio De Zolt den fyrste og Giorgio Vanzetta den tredje.

Albarello vann nye stafettmedaljar under VM 1995 og OL 1998. I Thunder Bay vart det VM-bronse saman med Fulvio Valbusa, Fabio Maj og Silvio Fauner, tre år seinare tok same gjengen OL-sølv i Nagano. Etter OL-sesongen 1998 la Albarello opp, nær 38 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]