Marco Büchel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marco Büchel


Statsborgarskap Liechtenstein
Fødd 4. november 1971 (52 år)
Walenstadt
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Marco Büchel (fødd 4. november 1971) er ein liechtensteinsk tidlegare skirennar, fødd i Walenstadt i Sveits. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1999, og steig til topps etter fire renn i verdscupen i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Büchel debuterte i verdenscupen 3. desember 1994. Fyrst fire år seinare, 27 år gammal, tok han steget på pallen etter eit verdscuprenn. Høgdepunktet oppnådde han seinare i same sesongen då han var nær ved å verte verdsmeister i storslalåm under verdsmeisterskapen i Vail. Han overraska stort då hamna fattige fem hundredels sekund bakom norske Lasse Kjus og tok sølvmedaljen, med stor margin til tredjemann.

I verdscupen vann Büchel fire renn i tida frå februar 2003 til januar 2008. Den fyrste og den siste sigeren kom i super-G-løypa, dei to mellomliggjande i utforrenn. Ved super-G-triumfen i Kitzbühel den 18. januar 2008 vart han den aller eldste vinnaren av eit verdscuprenn i alpint, då var han 36 år og 75 dagar gammal. I alt stod han på pallen etter 18 renn i verdscupen.

Büchel la opp etter OL-sesongen 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar