Marcus Henrik Florentz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Marcus Henrik Florentz
Fødd11. mai 1775
Risør kommune
Død12. desember 1869 (94 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, fut
Alle verv

Marcus Henrik Florentz (fødd 1775 i Risør, død 12. desember 1869 i Kviteseid) var ein norsk fut og stortingsrepresentant til omframstortinget i 1814. Han representerte Bratsbergs amt.

Florentz tok juridisk embetseksamen i København i 1800. Han vart først fogdbetjent, seinare tilsett som kopist i rentekammeret og vart futfullmektig i 1807. Han var fut i Øvre Telemark 1811–1836 og budde på Roeid i Kviteseid. Han var medlem av øvre Telemarkens matrikulkommision i 1819 og forlikskommisær.

Florentz var gift to gonger, første gong med Adelaide Kloumann, dotter av justisråd Kloumann. Han gifta seg andre gong i 1813 med Anna Dorothea Rye, dotter av oberstløytnant Mathias Andreas Rye og syster til Johan Henrik Rye og den kjende offiseren Olaf Rye.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]