Marcus Holmgren Pedersen
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 16. juli 2000 | ||
| Fødestad | Hammerfest kommune | ||
| Posisjon | Høgreback | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Torino | ||
| Nummer | 16 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Tromsø | |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2018–2020 | Tromsø | 20 | (0) |
| 2020–2021 | Molde | 28 | (2) |
| 2021–2025 | Feyenoord | 60 | (1) |
| 2023–2024 | → Sassuolo (lån) | 28 | (0) |
| 2024–2025 | → Torino (lån) | 7 | (0) |
| Landslag | |||
| 2019 | Noreg U19 | 9 | (1) |
| 2020 | Noreg U21 | 2 | (0) |
| 2021– | Noreg | 31 | (0) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 9. november 2024 ‡ Landslagsmål oppdatert 31. mars 2026[1] | |||
Marcus Holmgren Pedersen (fødd 16. juli 2000) er ein norsk fotballspelar frå Hammerfest som tida 2021-26 har delteke i 31 av Noregs landskampar, alltid som høgreback. Han er sidan 2024 aktiv i italienske Torino FC.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Pedersen debuterte for Tromsø IL i eliteserien i 2018. Etter at laget i 2019 rykte ned til nivå 2 i seriesystemet, flytta han til Molde FK. Gjennom 2020 fekk han mykje speletid på eit som kom på sølvplassen i eliteserien, Bodø/Glimt vart seriemeister. I juni 2021 vart han overført til nederlandske Feyenoord, der han i 2023 vart seriemeister. Sesongen 2023/24 gjorde han teneste i italienske US Sassuolo i Serie A. Ettersom Sassuolo rykka ned, byrja Pedersen i august 2024 å spele for Torino FC, framleis Serie A.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]1. september 2021 fekk Pedersen sin landslagsdebut då Noreg og Nederland spelte uavgjort 1–1 i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion. Han var jamnt med i den norske startoppstillinga fram til 2024. I kvalifiseringa til Fotball-VM 2026 var han innbytar i to av dei åtte kampane. Per 1. april 2026 stod han med 31 kampar og ingen mål i den norske landslagsdrakta.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- 2023: Nederlandsk seriemeister med Feyenoord
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Marcus Holmgren Pedersen» frå Wikipedia på tysk, den 25. april 2026.