Marcussen & Søn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Orgelet i Roskilde domkyrkje, ombygd 1833
Orgelet i Ravnsbjergkirken ved Århus, 1976

Marcussen & Søn er eit dansk orgelbyggeri, etablert i 1806 av Jürgen Marcussen (1781-1860).

Jürgen Marcussen sitt orgelbyggeri fekk konsesjon i 1811, og leverte det første store pipeorgelet i 1818. I 1826 fekk Marcussen med seg Andreas Reuter (1798-1847) som kompanjong, og firmaet bygde under namnet «Marcussen og Reuter» orgelet i Christiansborg slotskirke (1829) og det bygde om orgela i Roskilde domkyrkje (1833) og København domkyrkje (1836).

Då Andreas Reuter døydde i 1847, tok Jürgen Marcussen sonen sin, Jürgen Andreas (1816-1900), inn i leiinga, og firmaet tok namnet «Marcussen & Søn». På denne tida bygde firmaet orgel i Lunds domkyrka og Nystads nya kyrka i Finland (1865). Seinare kom ein slektning av Marcussen, Johannes Lassen Zachariassen (1864-1922) med i firmaet. I alle år er det familiemedlemmer som har ått og styrt orgelbyggeriet - i 2002 overlet Jürgen Zachariassen firmaet til dottera Claudia Zachariassen.

Det fyrste Marcussen-orgelet som vart levert til Noreg, vart bygd i Fredrikstad domkyrkje. Elles har firmaet levert orgel over heile verda, blant anna til Japan, USA og Sør-Afrika. Eit av dei største prosjekta dei har hatt ansvar for, var det 18 m høge orgelet i St. Laurentskerk i Rotterdam, med 85 stemmer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]