Mardøla-aksjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mardalsfossen i juli 2004. Foto: Peter John Acklam

Mardøla-aksjonen er ei viktig symbolhending innan natur- og miljøvern. Sommaren 1970 var det aksjonar mot kraftutbygging i Eikesdal i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Samla er desse aksjonane kalla Mardøla- aksjonen. I aksjonane vart det teke i bruk sivil ulydnad. Saka vart særleg symbolsk på grunn av dei høge Mardalsfossane. Leiarane for aksjonen vart fjerna av politiet etter at det vart organisert ein ikkje-valdeleg leir der anleggsvegen skulle gå.

Av folk som deltok i aksjonane kan nemnast filosofen Arne Næss, filosofen Sigmund Kvaløy Sætreng og politikaren Odd Einar Dørum.

Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm)[endre | endre wikiteksten]

Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern (snm) vart starta i 1969 av ei gruppe filosofar, fjellklatrarar og fotturistar. (snm) skulle vera ei motvekt til dei miljøvernorganisasjonane som dreiv ‘skrivebordsarbeid’, og heller konsentrera seg om konkret arbeid. Dette skulle ein oppnåsgjennom ein anti- organisasjon der saka, ikkje organisasjonen i seg sjølv, var målet. Parentesen rundt namnet skulle symbolisera dette. Den første aksjonen (snm) tok ansvaret for var aksjonen mot utbygging av Mardalsfossen i Eikesdal i 1970. Aksjonen var eineståande fordi han var ein ideologisk grunngjeven direkte aksjon. Bygdefolka i Eikesdal og Eresfjord støtta dei aktive i aksjonen, men aksjonistane måtte trekkja seg attende etter truslar frå romsdølar. Det nye med Mardøla- aksjonen var at sivil ulydnad vart teke i bruk som middel i motstand mot kraftutbygging. Sivil ulydnad vart seinare nytta i stor målestokk under Alta-aksjonen.

Protestar mot vasskraftutbygging var mykje av grunnlaget for å byggja opp ei slagkraftig natur- og miljøvernrørsle i Noreg. Etter Mardøla-aksjonen vart det laga ein film «Kampen om Mardøla» og skrive fleire bøker.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Alnæs, Finn: Svart snø eller samvern : dokumentarbok fra en brytningstid, Oslo 1976.
  • Gleditsch, Nils Petter: Mardøla-aksjonen, Oslo 1971.
  • Grepstad, Jon: Mardøla. Dokumentasjon og perspektiv, Oslo 1971.
  • Kvaløy, Sigmund: «Fra kraftrom til elvetid. To kulturer på norsk jord.» i Kjell Haagensen og Atle Midtun: Kraftutbygging, konflikt og aksjoner, Oslo 1984.
  • Persen, Åsne Berre og Johansen, Jørgen: Den nødvendige ulydigheten, Oslo 1998.
  • Reed, Peter: Wisdom in the Open Air. The Norwegian Roots of Deep Ecology, Minnesota 1993.