Maren Splids

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maren Splids
Statsborgarskap Danmark
Fødd 1600-åra
Grimstrup
Død

10. november 1641
Ribe

Straff dødsstraff
Huset til Maren Splids i Sønderportsgade i Ribe.
Minneplate på Maren til Splid hus i Ribe.

Maren Thomasdatter Splids (kring 160010. november 1641)[1]) var ei dansk kvinne som blei brend på bålet for trolldom. Ho er seinare blitt kjend som eit av dei best kjende offera for hekseforfølgingar i dansk historie.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Maren kom frå i Grimstrup i noverande Esbjerg kommune, der ein reknar med at ho vart fødd kring 1600. Ho gifta seg med Laurids Splid, som skal ha vore frå Holsten og som seinast 1628 var skreddarmeister i Ribe. Paret dreiv også vertshus ved Torvet i Ribe, og tilhøyrde det borgarskapet i byen.

Huset deira, Laurids Splids hus, finst framleis og og er i dag freda.

Hekseanklage[endre | endre wikiteksten]

Då Didrik, ein annan skredder frå Ribe, vart svært sjuk vart Maren Splids anklaga for å ha forheksa han. Dei hadde hatt ein krangel 13 år tidlegare.

Prosessen mot Maren Splids tok til i Ribe Byrett i mars 1637. Ho vart funnen skuldig og brend mellom Galgebakkerne nord for byen den 10. november 1641 .

Under tortur hadde Maren oppgjeve 6 andre kvinner ho skulle ha vore i «heksekompagni» med. Då desse så vart forhøyrde, angav dei fleire kvinner. I enden vart berre Maren Splids og ei Anne Thomasdatter brende som hekser. 13 andre vart frikjende, men minst fem av dei hadde då sete i fengsel i 5-45 veker. Etterpå byrja heksesakene å ebba ut, og både byrådet og borgarmeisteren gjorde ein stor innsats for å stoppa «heksegalskaben» og redda kvinnene.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Maren Splids». kvinfo.dk. 2015. Henta 17. mars 2015. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Historisk Efterretning om de i Ribe Bye for Hexerie forfulgte of brændte Mennesker, XI. Capitel, af David Grønlund (1780/1973)
  • Marens Splids - En heks fra Ribe, af G. Holm. Munksgaard (1981)
  • Maren - og de andre Satans hekse!, af P. Rieffestahl. Åløkke (1991)
  • Danske domme i trolddomssager i øverste instans, af J. C. Jacobsen (1966)
  • Djævletro og folkemagi: Trolddomsforfølgelse i 1500- og 1600-tallets Vestjylland, af Kim Tørnsø (1986)
  • Mysteriet om Heksen, af Flemming Christian Nielsen (1989)