Maren i Sverige

Koordinatar: 59°11′25″N 17°37′54″E / 59.19028°N 17.63167°E / 59.19028; 17.63167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maren i Sverige
innsjø
Land  Sverige
Kart
Maren
59°11′25″N 17°37′54″E / 59.1903°N 17.6317°E / 59.1903; 17.6317
Wikimedia Commons: Maren, Södertälje

Maren er ein innsjø i det sentrale Södertälje aust i Södermanland i Sverige. Innsjøen er i dag grave saman med austersjødelen av Södertälje kanal, noko som inneber at vatnet til innsjøen i dag er brakkvatn. Maren ligg mellom Slussholmen og Strandgatan, og ved den andre breidd ligg Marenplan.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Å gjere vassvegen gjennom Södertälje farbar har vore ein høgprioritert oppgåve sidan vikingtida. Så langt tilbake i tida hadde likevel ikkje landhevinga gjort neset heilt umogeleg å passere for sjøgåande fartøy – ein kunne enno slepe båtar over dei grunnaste partia.

På 1400-talet stod Engelbrekt bak arbeid med å reinse opp i, og grave i kanalen. Arbeidet vart likevel ikkje fullført. Karl XI tok opp att arbeidet, og fekk bygd kanalen mellom Maren og Igelstaviken. Denne kanalen vart likevel dårleg halden ved like, og med tida forfall han. Restar av han er enno synlege einskilde stader, slik som delen som ligg mellom hovudkontoret til Scania og Pershagen, der det enno stort sett er open vassveg.

Det var til slutt under Erik Nordewall leiing at kanalen mellom 1806 og 1809 at kanalen fekk ei opning, og vart farbar heile vegen frå Mälaren til Austersjøen. Kanalen fekk likevel eit litt anna lægje, som medførte at Maren vart mindre viktig som vassveg.

Maren i dag[endre | endre wikiteksten]

Debatten om i kva grad det skal byggjast ny bru over innsjøen eller ikkje har vore ført i fleire år. Sidan den gamle brua vart riven på grunn av høg alder, har trafikken vore tvinga til å køyre gjennom bykjernen av Stockholm, eller over Mälar- eller Saltsjöbron, noko som har medført store omvegar for biltrafikken.

Kritikarar av bygging av ny bru meiner til dels at kostnadane vil bli urimeleg høg i tilhøve til gevinstane i til dømes tid. Ein meiner òg at Södertälje er ein av dei få stedane ein kan leggje til med båt på så sentrale stader som det Maren og Marenplan er. Som eit kompromiss vart det vedteke å byggje ei gang- og sykkelbru, som skulle fjernast sommarhalvåret, slik at ein på den måten kunne halde høva for å bruke båt til og i det sentrale Södertälje. Etter fleire rundar vedteke ein at brua likevel skulle vere der året rundt.

Det fanst planar frå kommunen om å fylle igjen Maren for å gjere plass til eit kjøpesenter. Ein rekna at det var stort behov for fleire butikklokalar i sentrum av Södertälje, og det er avgrensa med nye utbyggingshøve. Å kjøpe inn bygningar for å konvertere dei til butikklokale var rekna som vanskeleg, og fleire butikkar ville tyde fleire arbeidsplassar. Planane om å byggje eit kjøpesenter der Maren ligg, støytte på stor motstand lokalt, og Södertäljes politikarar har no skrinlagt forslaget.

Södertäljes gjestehamn ligg inntil Tullbacken i ytre Maren. Det er ei særs populær gjestehamn, mellom anna på grunn av det strategiske lægjet. I nærleiken av gjestehamna finn ein sentralstasjonen Södertälje C, og slusa som knyter Austersjøen og Mälaren saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°11′25″N 17°37′54″E / 59.19028°N 17.63167°E / 59.19028; 17.63167