Margaliot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°12′52″N 35°32′41″E
Margaliot
kibbutz
Margaliot View.jpg
Margaliot
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Øvre Galilea
Distrikt Nord
Kommune Mevo'ot HaHermon regionale kommune
Koordinatar 33°12′52″N 35°32′41″E
Folketal 427 (2009)
Grunnlagd 1951
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hunin Fortress

Margaliot (hebraisk מַרְגָּלִיּוֹת; arabisk هونين) er ein moshav i Øvre Galilea nord i Israel, ved grensa til Libanon, nær byen Kiryat Shmona. Han er ein del av Mevo'ot HaHermon regionale kommune. Margaliot vart grunnlagd i 1951 av jødiske emigrantar frå Jemen og Irak og har kring 400 innbyggjarar, dei fleste av dei jødar som stammar frå Iransk Kurdistan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Château Neuf krossfararborg.

Staden har vore sporadisk busett sidan jernalderen (1200-1000 fvt.) og har vore kontinuerleg busett frå kring 550 til 350 fvt. til kring 550 evt, før den sporadiske busetjinga kom til igjen i 1800-åra.[1] Château Neuf (Nyborga), ei krossfararborg, ligg lalngs vegen fram til moshaven. Frå Château Neuf har ein utsyn mot Nimrodborga og andre borger i området.

Det britiske nadatet[endre | endre wikiteksten]

Grensa mellom Syria, Libanon og Palestina kom som eit resultat av den engelsk-franske delinga av osmanske Syria etter fyrste verdskrigen.[2][3] Britiske styrkar hadde rykka fram til ei stilling ved Tel Hazor mot tyrkiske soldatar i 1918 og ønskte å innlemme alle kjeldenen til Jordanelva i det britisk-kontrollerte Palestina. Etter fredskonferansen i Paris i 1919, og den uratifiserte og seinare annullerte Sèvrestraktaten, som kom etter San Remo-konferansen, strekte grensa til det britisk-kontrollerte området sseg i 1920 nord til Sykes-Picot-linja, ei rett linje mellom midtpunktet av Genesaretsjøen og Nahariya. Landegrensa mellom Palestina og Libanon vart endeleg fastsett av Storbritannia og Frankrike i 1923, i samsvar med Lausannetraktaten, etter Storbritannia hadde fått eit League of Nations mandat for Palestina av Folkeforbundet i 1922.[4]

I april 1924 vart Hunin og seks andre landsbyar, og kring 20 andre busetnader, overført frå Det franske mandatet for Libanon til Det britiske mandatet for Palestina av Frankrike. Hunin var ein sjiamuslimsk landsby med 1620 innbyggjarar i 1945.[5] Eit Palmach-raid i mai 1948 førte til at mange av innbyggjarane flykta til Libanon, medan 400 var att i landsbyen. Under eit møte i august 1958 møtte mukhtarane i Hunin og andre sjialandsbyar jødane i kibbutzen Kfar Giladi for å prøve å få i stand ein fredsavtale med staten Israel. Dei lovde å bu som lojale borgarar og si frå seg tanken om å verte arabarar. Avtalen kom ikkje til, sjølv om han hadde støtte hos minoritetsminsiteren Bechor-Shalom Sheetrit.[5] I august vart fleire innbyggjarar tvungen på flukt frå Hunin av IDF.[6] Den 3. september 1948 raida IDF landsbyen og sprengde 20 hus i lufta, tok livet av sonen til mukhtaren og 19 andre, og dreiv bort dei attverande landsbybuarane.[6]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Margaliot vart grunnlagd i 1951, av jødiske emigrantar frå Jemen og Irak, der den sjia-muslimske staden Hunin låg[1] og som var bygd opp av krossfararar. Moshaven vart namngjeven etter Chaim Margaliot Kalverisky, som leia Den jødiske koloniseringssameininga i Galilea tidleg på 1900-talet., og som deltok i opprettinga av fleire jødiske busetnader i området. I 2006 vart 230 innbyggjarar frå Margaliot evakuerte til Neve Hadassah ungdomslandsby nær Netanya på grunn av Katyusha-rakettar frå Libanon.[7]

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hunin Fortress:Preliminary plan for conservation and development
  2. David Fromkin (1989). A peace to end all peace: the fall of the Ottoman Empire and the creation of the modern Middle East. Macmillan. ISBN 978-0-8050-8809-0. 
  3. Margaret MacMillan (2001). Peacemakers: the Paris Conference of 1919 and its attempt to end war. John Murray. s. 392–420. ISBN 978-0-7195-6237-2. 
  4. Exchange of Notes Constituting an Agreement respecting the boundary line between Syria and Palestine from the Mediterranean to El Hammé. Paris, March 7, 1923.
  5. 5,0 5,1 Sindawi, Khalid (2008). Are there any Shi'te Muslims in Israel?", Holy Land Studies, Vol. 7, No. 2, 183-199.
  6. 6,0 6,1 Morris, 2004, p. 249
  7. Moshav Margaliot relocates to Netanya