Hopp til innhald

Margaret Cavendish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Cavendish

StatsborgarskapKongeriket England
Fødd1623
Colchester
Død

15. desember 1673 (56 år)
Kongeriket England

Yrkefilosof, fysikar, lyrikar, skribent, essayist, science fiction-forfattar, hoffdame
Språkengelsk
FarThomas Lucas
MorElizabeth Leighton
EktefelleWilliam Cavendish, 1st Duke of Newcastle
Margaret Cavendish på Commons

Margaret Lucas Cavendish, hertuginne av Newcastle-upon-Tyne (1623–15. desember 1673), var ein engelsk filosof, forfattar og vitskapskvinne.[1][2]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Margaret Lucas vart fødd inn i ein familie av aristokratar og rojalistar.[2] Foreldra hennar var Thomas Lucas og Elizabeth Leighton Lucas. Ho var den yngste av åtte sysken.[3]

I 1645 gifta Lucas seg med William Cavendish.[1][4] Gjennom han fekk ho innpass i Cavendish-krinsen, som også vart besøkt av René Descartes, Thomas Hobbes, Marin Mersenne og Kenelm Digby.[2][1]

Cavendish sin utopiske roman The Blazing World (1666) er eit av dei tidlegaste eksempla på science fiction.[5]

Filosofien til Cavendish handla hovudsakleg om metafysikk og naturfilosofi, men ho sysselsette seg også med sosial og politisk filosofi.[2]

I likskap med Hobbes og Descartes tok Cavendish avstand frå skolastikarane.[2] I motsetning til Descartes argumenterte Cavendish mot dualisme.[2] Til skilnad frå Hobbes tok ho til ordre for ein vital materialisme.[2] Dette innebar eit forsvar for panpsykisme.[2]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]
The Description of a New World, Called the Blazing World

Cavendish insisterte på å publisere verka sine under eige namn, i tillegg til å få trykt utgjevingane med eit portrett.[6] Dette vart gjort på ei tid der dei fleste kvinner vanlegvis ikkje fekk publisert bøker, endå sjeldnare under sitt eige namn.[6]

  • Poems and Fancies (1653)
  • Philosophical Fancies (1653)
  • World's Olio (1655)
  • The Philosophical and Physical Opinions (1655)
  • Nature's Pictures drawn by Fancies Pencil to the Life (1656)
  • A True Relation of my Birth, Breeding, and Life (1656)
  • Orations (1662)
  • Plays (1662)
  • Sociable Letters (1662)
  • Philosophical Letters (1662)
  • Observations upon Experimental Philosophy (1666)
  • The Blazing World (1666)
  • Life of William (1667)
  • Plays Never Before Published (1668)
  • Grounds of Natural Philosophy (1668)
  • The Convent of Pleasure (1668)
  1. 1 2 3 Cunning, David (2017). «Margaret Lucas Cavendish». I Zalta, Edward N. (red.). The Stanford Encyclopedia of Philosophy. Metaphysics Research Lab, Stanford University. Henta 2017-09-08.
  2. 1 2 3 4 5 6 7 8 «Cavendish, Margaret | Internet Encyclopedia of Philosophy». www.iep.utm.edu (på amerikansk engelsk). Henta 2017-09-08.
  3. ↑ Team, Project Vox (2015-01-26). «Cavendish (1623-1673)». projectvox.library.duke.edu (på amerikansk engelsk). Henta 2017-09-08.
  4. ↑ «Biography of Margaret Cavendish, Duchess of Newcastle upon Tyne (c. 1623-1673) - The University of Nottingham». www.nottingham.ac.uk (på britisk engelsk). Henta 2017-09-08.
  5. ↑ Librivox. «LibriVox». librivox.org (på engelsk). Henta 2017-09-10.
  6. 1 2 Team, Project Vox (2015-01-26). «Cavendish (1623-1673)». projectvox.library.duke.edu (på amerikansk engelsk). Henta 2017-09-08.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Margaret Cavendish