Hopp til innhald

Margaret Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Mitchell

Pseudonym Margaret Mitchell
Statsborgarskap USA
Fødd 8. november 1900
Atlanta
Død

16. august 1949 (48 år)
Atlanta

Yrke skribent, romanforfattar, manusforfattar, journalist, prosaforfatter
Sjanger kjærleiksroman
Far Eugene Mitchell
Mor Maybelle Stephens Mitchell
Ektefelle Berrien Kinnard Upshaw, John Robert Marsh
Signatur
Margaret Mitchell på Commons

Margaret Mitchell (8. november 190016. august 1949) var ein amerikansk forfattar. Ho blir hugsa for romanen Tatt av vinden, som kom ut i 1936. Handlinga i denne romanen er lagt til sørstatane i tida rundt den amerikanske borgarkrigen.

Boka blei filmatisert i 1939 med Vivien Leigh og Clark Gable i hovudrollene. Denne filmen vann åtte Oscar-statuettar, mellom anna som årets beste film.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Mitchell blei fødd i Atlanta i Georgia i 1900. Familien hennar stamma frå hugenottar. Mora var Mary Isabelle Maybelle Stephens og faren var advokaten Eugene Muse Mitchell. Margaret og bror hennar voks opp i Atlanta, og ho var omgjeven av historier frå borgarkrigen.

Etter å ha fullført skulegangen og ei collegeutdanning, overtok Margaret ansvaret for økonomien til familieni 1918, etter at mor hennar var død i forholdsvis ung alder. For å få ei inntekt tok ho jobb som journalist.

I 1922 gifta ho seg for fyrste gong, men dette ekteskapet blei oppløyst allereie i 1924. Som journalist skreiv ho for Atlanta Journal i perioden 1922–1926 under namnet Peggy Mitchell. Etter å ha skadd ankelen, slik at ho måtte halda seg heilt i ro, kom den andre ektemannen hennar, John Marsh, heim med ein Remington Portable No 3 skrivemaskin, og føreslo at ho kunne skriva ei bok.

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Mitchell byrja så å skriva ein roman frå borgarkrigen. Det fyrste kapittelet handla om at hovudpersonen blir forlaten av mannen sin - noko Mitchell sjølv hadde opplevd i det fyrste ekteskapet. Dette blei seinare til det avsluttande kapittelet i Tatt av vinden. Deretter gjekk Mitchell tilbake i tid, og tok fatt på å beskriva hovudpersonane kring utbrotet av borgarkrigen i april 1861. Den J.R.M som romanen er dedisert til, var ektemannen til Mitchell, John R. Marsh.[1]

Boka fekk den prestisjetunge Pulitzer-prisen for 1937, og selde i enorme opplag. Ho blei også omsett til ei rekkje språk. I eit intervju i 1943 erklærte Margaret Mitchell at det å vera forfattaren av Tatt av vinden var heiltidsarbeid. Dette er kanskje forklaringa på at det ikkje kom fleire bøker frå henne medan ho levde.

Margaret Mitchell var berre 48 år då ho døydde. Ho omkom etter å ha blitt påkøyrd av ein rusa sjåfør og blitt slept under bilen. Påkøyrselen skjedde då ho og mannen skulle kryssa Peachtree Street - ei gate som er omtalt mange gonger i Tatt av vinden - ved Thirteenth Street for å gå på kino.[2]

Lenge etter at ho var død blei det funne ei ei forteljing frå ungdommen hennar, Lost Laysen, som også er gjev enut. Mitchell hadde gjeve manuskriptet til ungdomskjærasten sin Henry Love Angel. Det blei funne igjen i ei skoeske saman med fotografi og fortrulege brev frå Mitchell.[3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Margaret Mitchell