Margaret Sophia Green Kvikne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margaret Sophia Green Kvikne

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1850
Død

1894 (44 år)

Margaret Sophia Green Kvikne på Commons

Margaret Sophia Green Kvikne (18501894) var ei prestedotter frå York i England som kom til Noreg for å drive med fjellklatring. Ho gifta seg med hotelleigar og fjellførar Knut Kvikne i Balestrand i 1890.

Kvinneleg pioner[endre | endre wikiteksten]

Kviknes Hotel i Balestrand

Det var eit miljø for fjellklatring i området der Margaret Sophia Green voks opp. Fjellklatrar og noregsven William Cecil Slingsby var frå same området. Då Margaret kom til Noreg for fyrste gong i 1886 hadde ho allereie mykje klatreerfaring, blant anna frå fleire turar til Alpane.

I 1886 vart Margaret Sophia Green den andre kvinna som klatra til toppen av Romsdalshorn. Seinare vart ho også den første kvinna på toppen av Store Styggedalstind (1888). Ein planlagt tur til Store Skagastølstind vart avlyst grunna dårleg vêr, og norske Therese Bertheau vart den første kvinna på «Storen» i 1894.

I 1888 skreiv Margaret Sophia Green som første kvinne i Den Norske Turistforenings Årbok. Teksten heitte: «A Visit to the Hurungtinder in 1888».

Den engelske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Den engelske kyrkja i Balestrand

Margeret Sophia Green Kvikne fekk tuberkulose og levde berre i 4 år etter at ho gifta seg med Knut Kvikne. Før ho døydde gav Knut Kvikne kona si eit løfte om å byggje ei engelsk kyrkje i Balestrand. Kyrkja fekk namnet St. Olafs Church og vart ferdigstilt i 1897. Inne i kyrkja finn ein eit måleri av hotellfrua og fjellpioneren, og ei minneplate med eit sitat frå Davidssalmen: «The Mountains shall bring Peace».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]