Margit Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margit Johnsen

Høgtideleg dekorering av ein del av mannskapet frå MS «Talabot». Salongjenta Margit Johnsen frå Ålesund står i sentrum med serveringsforkle og tek imot British Empire Medal av admiral J.S. Ritchie.
Foto: Ukjend fotograf/Riksarkivet, PA-1209 NTBs krigsarkiv, Uf-123
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1913
Død

20. juli 1987 (74 år)

Yrke sjøfolk, sjøfarer

Margit Johnsen Godø, også kjend som Malta-Margit, (31. januar 191320. juli 1987) var ein norsk krigssiglar. I 1942 fekk ho St. Olavsmedaljen med eikegrein og fleire andre utmerkingar for innsats i konvoifart til Malta. Historia om henne vert fortald som døme på kvinnenes innsats under andre verdskrigen.

Torpedert i juni 1940[endre | endre wikiteksten]

Johnsen siglde som salongpike med reiarlaget Wilh. Wilhelmsen.[1] Ho arbeidde om bord MS «Tudor», som var i MiddelhavetTyskland gjekk til åtak på Noreg 9. april 1940. Den 12. juni gjekk skipet i konvoi frå Gibraltar og den 19. juni 1940 vart MS «Tudor» torpedert nordvest av Kapp Finisterre på veg til Storbritannia. Johnsen og resten av mannskapet, med unntak av ein, overlevde torpederinga.

Dødskonvoiane til Malta 1942[endre | endre wikiteksten]

Konvoien MS «Talabot» var ein del av hadde ein stor britisk styrke til vern. Her er HMS «Cleopatra» og HMS «Euryalus» i kamp med italienske skip den 22. mars 1942. Britiske skip legg ut røyk mellom konvoien og dei italienske skipa, slik at handelsskipa kan sleppe unna åtaket.
Foto: Imperial War Museum

I 1942, då aksemaktene freista å erobre den strategisk viktige britiske kolonien Malta, var Johnsen på MS «Talabot» i fart på Middelhavet. I Alexandria i Egypt fekk skipet hennar ordre om å gå i konvoi til Malta. Dette var farleg ferd og konvoiane til Malta vart kjend som dødskonvoiar. Konvoien som no skulle av garde, med kodenamnet MW10, fekk tilnamnet «sjølvmordskonvoien». Kapteinen på MS «Talabot», Albert Toft, ville at Johnsen skulle mønstre av i Egypt, men ho ønskte i staden sigle med skipskameratane under den farefulle ferda som låg framfor dei.

Dei fire handelsskipa i konvoien var MS «Breconshire», MS «Clan Campbell», MS «Pampas» og MS «Talabot». Dei var lasta med ammunisjon, bensin, parafin, kol og kveite og andre varer Malta hadde trong for. Ein styrke på 22 britiske orlogsskip under kontreadmiral Philip Vian eskorterte handelsskipa.

Konvoien la ut frå Alexandria den 20. mars 1942. To dagar seinare vart den utsett for åtak av italienske krigsskip og italienske og tyske fly. Kampen vart kjend som det andre slaget i Sidrabukta. MS «Breconshire» vart gjort til vrak, MS «Clan Campbell» vart søkkt, men MS «Pampas» og MS «Talabot» nådde fram til Malta.

I hamn i Valletta vart MS «Talabot» utsett for nytt åtak frå lufta før lossinga var ferdig. Skipet vart ramma og sett i brann og mannskapet søkkte det sjølv for å hindre at ammunisjon og drivstoff skulle eksplodere.

Under overfart frå Alexandria og i hamn i Valletta utmerkte Johnsen seg med mot og djervskap. Kapteinen meinte innsatsen hennar var viktig for å halde oppe moralen om bord.[2] Saman med kapteinen og skipskatten var Johnsen dei siste som gjekk frå borde då MS «Talabot» gjekk ned den 27. mars 1942.

I sjøfarts- og krigslitteraturen frå dei første etterkrigsåra og fram til i dag finst historia om Johnsen som eit døme på kvinnenes innsats under verdskrigen.[3][4][5][6][7]

Frå Malta kom Johnsen til Storbritannia. Ho heldt fram å sigle gjennom krigsåra om bord på Wilhelmsen-skipa MS «Tarifa», MS «Tai Yin», MS «Toulouse» og til slutt MT «Fagerfjell», som ho kom heim til Noreg med i desember 1945.[8]

Etter verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Johnsen var i utanriksfart til kring 1960.[9] Ho gifta seg og tok etternamnet Godø.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Johnsen var høgt dekorert for innsatsen sin.[10] Ho er den einaste kvinnelege mottakaren av St. Olavsmedaljen med eikegrein.[11][12] For å ha sigla 18 månader i faresona vart Johnsen tildelt Krigsmedaljen. Britane heidra innsatsen hennar på MS «Talabot» med British Empire Medal «for uforferdet å ha servert kaffe og andre forfriskninger til folkene på broen og ved kanonene under et hårdt luftangrep på skipet da det var på vei til Malta».[2]

Johnsen fekk Ulabrand-statuetten.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Do or die» Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine., WW World, nr. 3-4, 2009, s. 38-39.
  2. 2,0 2,1 «Helter til havs» Arkivert 2013-01-27 ved Wayback Machine., Arkivverket.
  3. Sverre Steen (red.): Norges krig: 1940–1945. Bind II, Oslo: Gyldendal, 1948, s. 295.
  4. A.H. Rasmussen: Menn uten medaljer. En saga om og av norske sjøfolk, Oslo: Cappelen, 1964, s. 80 og 89.
  5. Birger Dannevig: Skip og menn. Den norske handelsflåtes krigsinnsats 1939–1945, Oslo: Cappelen, 1968, bilde mellom s. 80 og 81, samt s. 141.
  6. Guri Hjeltnes: Handelsflåten i krig. Bind 3. Sjømann: lang vakt, Oslo: Grøndahl-Dreyer, 1995, s. 293–294 og 311.
  7. Elisabeth Lønnå: Sjøens kvinner. Ute og hjemme, Oslo: Scandinavian Academic Press, 2010, s. 103–105.
  8. Lønnå, s. 104.
  9. 9,0 9,1 Sunnmørsposten, 28. juli 1987.
  10. Ålesund kommune seier i «Rekorder fra Ålesund»[daud lenkje] at ho er den «mest dekorerte kvinne» frå byen. I Norges krig: 1940–1945. Bind II, Oslo: , 1948, s. 295, står det at ho vart tildelt Sankt Olavs orden og Krigskrossen, forveksling med St. Olavsmedaljen med eikegrein og Krigsmedaljen.
  11. Grethe Værnø og Elisabeth Sveri: Kvinnenes forsvarshistorie, Oslo: Kvinners frivillige beredskap, 1990, s. 35 og 52.
  12. Oversyn over mottakarar finst i Erik Gjems-Onstad (red.): Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren, Oslo: Grøndahl Dreyer, 1995, der Johnsen står s. 198.