Margith Munkebye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Margith Munkebye
Fødd15. oktober 1911
Død28. november 2000
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Margith Johanne Munkebye (fødd 15. oktober 1911 i Bodø, daud 28. november 2000) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho var stortingsrepresentant i fire periodar frå 1958.

Munkebyes yrkesbakgrunn var som kontordame og husmor. Ho var formann i Bodø Arbeidarungdomslag (AUF) frå 1930 til 1933 og i Sør-Salten distrikt av AUF frå 1945 til 1947. Frå 1951 til 1955 sat ho i Bodø bystyre.

Ho var Arbeidarpartiets første vararepresentant til Stortinget frå Nordland i perioden 1954–57. I denne perioden møtte ho i lange periodar, blant anna i Kolbjørn Varmanns statsrådstid. Munkebye vart fast representant frå 1958 til 1973. Dei tre første periodane var ho dels medlem av sosialkomiteen, dels av kommunalkomiteen. Den siste perioden sat ho i utanriks- og konstitusjonskomiteen. Denne perioden var ho òg medlem av Lagtinget. Ho var medlem av Europarådet og der i komiteen for flyktning- og folkesetnadsspørsmål frå 1965 til 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.