Hopp til innhald

Margot Fonteyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margot Fonteyn

Pseudonym Margot Fontes, Margot Fonteyn-Arias
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Fødd 18. mai 1919
Reigate
Død

21. februar 1991 (71 år)
Panama by

Yrke dansar, koreograf, ballettdansar, motedesigner
Ektefelle Roberto Arias
Margot Fonteyn på Commons
Tamara Karsavina (t.v.) og Margot Fonteyn under innøving av Le Spectre de la Rose

Margot Fonteyn de Arias (18. mai 191921. februar 1991) var ein britisk ballettdansar og moteskapar.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Fonteyn vart fødd i Reigate i Surrey i England i 1919. Fødenamnet hennar Margaret Evelyn Hookham, og ho vart kalla «Peggy». Faren var britisk, og mora var halvt irsk og halvt brasiliansk. Den brasilianske bestefaren hennar var forretningsmannen Antonio Fontes. Margaret og bror hennar tok etter kvart ei justert form av etternamnet hans: Fonteyn. Ho budde i Kina ein periode av barndommen, der faren handla med tobakk. I Shanghai begynte ho å danse under opplæring av den russiske dansaren Georgy Goncharov. Etter at familien flytta tilbake til Storbritannia, gjorde ho audition for Vic-Wells Ballet (som seinare vart Sadler-Wells og til slutt Royal Ballet)[1].

Ho debuterte i ei dansarrolle på scena då ho var berre 15 år, som eit snøfnugg i Nøtteknekkaren.

I 1939, då andre verdskrigen braut ut, hadde ho allereie dansa mange av dei «klassiske» rollene: Odette/Odile i Svanesjøen, Giselle i Giselle og Aurora i Tornerose. Ikkje minst hadde ho vore ein stor inspirasjon for koreografen Frederick Ashton.[2] Gjennom heile 2. verdskrigen reiste ho saman med Royal Ballet.

Etter krigen dansa ho mellom anna rollene som Askepott, Chloe og Eldfuglen. Ho vart i 1956 utnemnd til kommandørdame av Order of the British Empire og fekk med det rett til å føra tiltaleforma dame framfor namnet sitt.[3]

I 1956 gifta ho seg med Roberto de Arias. I 1960 gjekk det rykte om at ho skulle pensjonera seg, men overraskande nok starta hennar største epoke i 1961, med eit samarbeid med Rudolf Nurejev.

Samarbeidet med Nurejev (1961–1979)

[endre | endre wikiteksten]

Nurejev og Fonteyn debuterte som ballettpartnarar den 1. mars 1962 i Giselle. Det vart laga fleire ballettar spesielt til dei, som Marguerite og Armand, og Kenneth Macmillian sin versjon av Romeo og Julie.

Paret laga også filmar av Svanesjøen, Romeo og Julie, Les Sylphides og «slave pas de deux» frå La Corsaire.

Roberto hadde vorte skoten i 1964 av ein politisk rival, og vorte alvorleg handikappa. Straks etter hendinga hadde Fonteyn vurdert å slutta som dansar, men ho heldt fram fordi ho trong inntektene frå ballettkarrieren for å betala for legerekningane til ektemannen. Ho tok seg av han til han døydde i 1989.

I 1972 trekte Fonteyn seg meir tilbake frå scena, og flytta til Panama for å bu saman med mannen sin der. Frå då av opptredde ho ikkje lenger i heile ballettframsyningar, berre i éinaktsframsyningar. Likevel byrja ho også å utforska moderne ballett som uttrykksform, og dansa mellom anna med Martha Graham og kompaniet hennar.

I 1979 fekk ho tittelen Prima Ballerina Assoluta av Royal Ballet[4], og slutta heilt å opptre som ballettdansar. I perioden 1981–1990 var ho chancellor ved University of Durham.

I 1991 døydde Fonteyn av eggstokkreft.[5]

  1. Charlesworth, Elizabeth (10. oktober 2018), «The Vic-Wells Ballet», Old Vic Theatre (på engelsk), henta 5. mars 2025 
  2. «Biography», The Frederick Ashton Foundation (på engelsk), henta 7. mai 2025 
  3. «Page 10 | Supplement 40669, 30 December 1955 | London Gazette | The Gazette», web.archive.org, 21. juli 2015, henta 5. mars 2025 
  4. Ballet, Art de (16. august 2024), «Who is Margot Fonteyn?», Art de Ballet (på engelsk), henta 7. mai 2025 
  5. Anderson, Jack (22. februar 1991). «Margot Fonteyn Dead at 71; Ballerina Redefined Her Art». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Margot Fonteyn