Margrete av Skottland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For helgenen, sjå Margaret av Skottland.
Margrete av Skottland
Margaret, Maid of Norway.jpg
Fødd9. april 1283
Tønsberg
Død26. september 1290
Orknøyane
Tittelmonarch of Scotland
Alle titlarDronning
Hus eller slektHuset Dunkeld, Ynglingeætta
GravstadBergen domkyrkje
LandNoreg
MorMargaret av Skottland
FarEirik II av Noreg

Margrete eller Margareta, òg kjend som Jomfrua av Noreg (engelsk Maid of Norway, fødd 9. mai 1283 i Bergen, død 26. september 1290 på Orknøyane) var dronning av Skottland frå 1286 til ho døydde i 1290.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at Aleksander III brått døydde i ei rideulykke i 1286 stod Skottland utan ein klar arving til trona. Den unge franske enka hans, dronning Yolande, hevda at ho var gravid, og stod dermed imot krava frå Robert Bruce (bestefaren til Robert I) og Johan Balliol, som begge ønska å ta makta. Etter nokre månader viste det seg at Yolande likevel ikkje venta barn.

I oktober 1286 blei den einaste levande etterkommaren til Aleksander, den norske prinsessa Margrete som var barnebarnet hans, offisielt erklært som dronning av Skottland.

Den norske prinsessa[endre | endre wikiteksten]

Margrete var dotter av den 16 år gamle Eirik II Magnusson av Noreg, son av Magnus Lagabøte, og kona hans Margrete, som var dottera til kong Aleksander. Mora døydde i barselseng i 1283, og tre år etter var den vesle jenta den einaste arvingen til den skotske trona. Eit barn på trona ville lett føra til borgarkrigen mellom skotske adelsmenn i forsøk på å bli makta bak trona. Det var òg frykt for at Eirik Magnusson av Noreg ville freista å ta kontroll over Skottland. Den skotske adelen bad difor Edvard I av England om å gripa inn.

Kong Edvard av England var ikkje berre i slekt med den vesle norske jenta og hadde politiske føringar på dei kongelege hendingane i nabolandet Skottland, han var òg den mektigaste og meste respekterte kongen i Europa på denne tida. Den engelske kongen ville knyta jenta direkte til sin eigen kongelege familie ved å arrangera eit ekteskap mellom Margaret av Noreg og den to år gamle sonen sin Edvard, den framtidige kongen Edvard II av England.

Engelske føringar[endre | endre wikiteksten]

I 1290 forhandla dei tre nasjonane Noreg, Skottland og England fram Birgham-traktaten, der det blei slått fast at Margrete var trulova med prinsen av Wales, den kommande Edvard II. Edvard I skulle då garantera skotsk sjølvstende, og vera verje for den unge dronninga fram til ho nådde myndig alder. Sjølvstendet til Skottland skulle samstundes vera garantert.

Det framtidige dynastiske ekteskapet med linjer mellom tre nasjonar ville naudsynlegvis føra til ein union mellom dei skotske og engelske kronene. I tillegg var det ein klausul som òg hadde norsk interesse: om ekteskapet mellom den unge engelske prinsen og den unge skotske dronninga blei verande barnlaust skulle kongedømmet gå vidare til hennar næraste arving, «heilt, fritt, absolutt og utan noka form for underkasting».

Det stod att nokre vanskar. Den skotske kyrkja var ikkje like begeistra for prospektet om å mista sjølvstendet ved å koma inn under den engelske kyrkja. Skutane var heller ikkje begeistra over at Edvard I insisterte på å senda biskopen av Durham, Anthony Bek, til Skottland som sin «løytnant» på vegner av det unge paret og samstundes kravde at dei skotske vaktarnae skulle lyda denne. I tillegg var det eit problem som kravde dispensasjonen til paven; unge Edvard og unge Margrete var i nær slekt – Edvard I og Margrete si mormor var bror og syster.

Den engelske kongen utrusta det som blei kalla «eit stort skip» og sende det frå Yarmouth i mai 1290 for å henta den komande svigerdottera so frå Noreg. Skipet var blitt innreia så innbydande som mogleg. Det var fylt med det den engelske kongen meinte ei unge jente frå Noreg ville lika: Godsaker som sukkerbrød, honningkaker, fiken og rosiner.

Denne framgangsmåten var ikkje akseptabel for det norske kongedømet, som avviste det engelske skipet, til kong Edvards irritasjon. Det var politisk viktig for kong Eirik Magnusson at dottera hans blei frakta over til Skottland på eit norsk skip. Det engelske skipet måtte venda tilbake utan ein kongeleg passasjer.

I september 1290 reiste unge Margrete over Nordsjøen på eit norsk fartøy. Ho var då i sitt fjerde år som skotsk dronning.

Margrete døyr[endre | endre wikiteksten]

Det norske skipet drog frå Bergen og følgde same ruta som nordmenn hadde teke til dei engelske øyane i alle tider, langs Norskehavet mot Orknøyane, som var norsk territorium, og vidare derfrå langs den skotske austkysten til Leith, hamnebyen til Edinburgh. Med seg på reisa hadde Margrete biskop Narve av Bergen som offisielt følgje.

Reisa blei vanskelegare enn kong Eirik hadde sett for seg. Hauststormane hadde forlengst sett inn. Skipet sigla rett inn i ein krftig storm og blei ført langt ut av kurs før det klarte å kjempa seg inn til Kirkwall på Orknøyane. Helsa til Margrete hadde aldri vore robust, og strevet under sjøfarten blei for mykje for henne. Ho blei «gripen av sjukdom til sjøs», ifølgje biskop Narve, og ho døydde i armane hans kort tid etter at dei var komne i land på Kirkwall, knapt sju år gammal.

Lekamen til Margrete blei ført tilbake til Noreg, der liket blei «nøye undersøkt» av den mistenksame faren henna, kong Eirik av Noreg. Ho blei deretter gravlagd i murveggen på nordsida av koret i Kristkyrkja i Bergen ved sida av grava til mor si.

Margrete hadde vore dronninga til skottane i fire år og seks månader. No stod Skottland igjen utan monark. «Dermed brast mulighetene for en enestående dynastisk allianse i norsk middelalderhistorie. Men ettervirkningene av denne episoden kom til å farge norsk-britisk politikk i årene som fulgte,» skriv professor Knut Helle i Aschehougs Norgeshistorie.[1]

I dei to åra som følgde etter at Margrete døydde var det 14 personar som gjorde krav på den skotske trona, sjå konkurrentane til den skotske trona. I frykt for skotsk borgarkrig blei Edvard I av England igjen beden om å gripa inn, og i 1292 innsette han Johan Balliol som sin marionett-konge. Dette førte i sin tur til den skotske sjølvstendekrigen, som blei ei stor ulukke for Skottland.

Referansar i folkekulturen[endre | endre wikiteksten]

I Noreg fekk den triste historia om den vesle jenta eit makabert etterspel. I 1300, eit år etter at kong Eirik Magnusson døydde, dukka ei kvinne opp i Bergen og erklærte at ho var den vesle prinsessa. Ho skulda òg fleire personar for forræderi. I forvirringa som oppstod var det nokre borgarar i Bergen og nokre av dei geistlige som støtta henne, til trass for det urimelege i påstandane. For det første hadde kong Eirik sjølv identifisert den avdøde dottera si, og for det andre var kvinna augesynleg minst førti år gammal.

«Den falske Margrete», som ho blei kalla, og ektemannen hennar blei dømde for svindel. Ektemannen blei halshoggen og kvinna brunnene på ein stake i 1301. Den underlege historia vart spreidd blant folk gjennom populære songar, og det oppstod ein lokal martyrkult i samanheng med ei lita kyrkje i nærleiken av rettarstaden.

Den tredje største busetnaden på Orknøyane, St. Margaret's Hope, skal vera kalla opp etter Margrete av Skottland, eller etter heilage Margaret av Skottland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aschehougs Norgeshistorie, b. 3, s. 203)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Duncan, A. A. M., Scotland: the Making of the Kingdom, 1975
  • Barrow, G. W. S., Kingship & Unity: Scotland 1000-1306, 1989
  • Hendry, Frances Mary, Quest for a Maid, (roman) 1992
  • Robb, Candace, A Trust Betrayed, A Scottish Murder Mystery, (roman) 2001
  • Skeie, Tore, Jomfruen fra Norge, 2012