Hopp til innhald

Margreth Olin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margreth Olin
StatsborgarskapNoreg
Fødd16. april 1970 (55 år)
Stranda kommune
Yrkefilmregissør, manusforfattar, filmprodusent
PrisarOle Vig-prisen, Amnestyprisen, Annette Thommessens minnepris, Fredrikkeprisen, Jonasprisen, Livsvernprisen, Edith Carlmar-prisen, Kanonprisen for beste nyskaper, Arne Skouens Ærespris, Hans Christian Ostrøs minnepris, Zola-prisen, Anders Jahres Kulturpris

Margreth Olin Mykløen (fødd 16. april 1970) er ein norsk filmskapar kjend under namnet Margreth Olin.

Margreth Olin er frå StrandaSunnmøre. Ho tok grunnfag i media og massekommunikasjon ved Universitetet i Bergen i 1990 og studerte deretter medie, journalistikk og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda fram til 1994.

Ho er kjend for å ta opp sosialpolitiske tema i filmane sine, og kallar ofte fram sterke kjensler. Ho er mellom anna inspirert av den kontroversielle dokumentarskaparen Frederic Wiseman og skaparen av dogmefilmen, Lars von Trier.

  • I kjærleikens hus, 1995 (om eit mottak for slakteriavfall)
  • Onkel Reidar, 1997 (om onkelen til Margreth Olin, som har Downs syndrom)
  • Dei mjuke hendene (om korleis eldre lever på ein sjukeheim)
  • Fråtseri, kortfilm, del av De 7 dødssyndene, 2000
  • Kroppen min, 2002 (om tilhøvet til sin eigen kropp)
  • Ungdommens råskap, 2004 (om tilhøva i ein tiandeklasse i ein norsk skule)
  • Lullaby (2006)
  • Engelen (2009)
  • De andre (2012)
  • Cathedrals of Culture (2013) (regisserte episoden om Operahuset i Oslo)
  • Mannen fra Snåsa (2016)
  • Barndom (2017)
  • Fengslet og forlatt (2018)
  • Selvportrett (2020)

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Margreth Olin var festspelkunstnar på Dei nynorske festspela i 2003.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]