Hopp til innhald

Margrethe II av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Margrethe II)
Margrethe II

Regjeringstid14. januar 197214. januar 2024
Fullt namnMargrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid
Fødd16. april 1940
FødestadAmalienborg, København
Gift medHenrik av Danmark
DynastiFyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg, House of Laborde de Monpezat
MottoGuds hjælp, folkets kærlighed, Danmarks styrke
FarFredrik IX av Danmark
MorIngrid av Danmark
BornFrederik X av Danmark, Joachim av Danmark

Margrethe II (fødd 16. april 1940) var dronning av Danmark frå 14. januar 1972 til 14. januar 2024. Fram til 1944 var ho også prinsesse av Island. I juli 2023 blei dronninga den lengst regjerande monarken i dansk historie.[1] I nyttårstalen sin 31. desember 2023 meldlte dronning Margrethe II at ho ville abdisera den 14. januar 2024, og la sonen, kronprins Frederik, overta som monark.[2]

Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid blei fødd i 1940, like etter at tyske styrkar hadde invadert Danmark. Ho hadde to systrer, prinsesse Benedikte og seinare eksdronning Anne Marie av Hellas.[3] Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broren til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf.

I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde late det bli med tanken, ettersom ei endring kravde at 45 % av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølgje med i endringa, slik at fleire ville røysta for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa berre såvidt vedteken, med 46 % deltaking. Tronfølgjelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølgja.

Margrethe II høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.

Mellom ordenane hennar høyrer også Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden med.

  • 1940–1944: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark og Island
  • 1944–1972: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark
  • 1972– : Dronning Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid II av Danmark
  1. Silja Björklund Einarsdóttir; Kristian Elster; Olav Døvik & Espen Alnes. «Dronning Margrethe av Danmark abdiserer» (på norsk bokmål). NRK. Henta 14. januar 2024.
  2. Thomas Prakash (31. desember 2023). «Dronning Margrethe abdicerer: Træder tilbage 14. januar» (på DK). Danmarks Radio. Henta 31. desember 2023. «Dronning Margrethe abdicerer: Træder tilbage 14. januar»
  3. Paaske, Emma Rønberg; Jespersen, Knud J.V.: Margrethe 2. - dronning af Danmark i Den Store Danske på lex.dk. Henta 14. januar 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Margrethe II av Danmark