Marguerite Duras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marguerite Duras
Nasjonalitet Flag of France.svg Frankrike
Fødd 4. april 1914
Gia Dinh utenfor Saigon i Fransk Indokina (Vietnam)
Død

3. mars 1996 (81 år)
Paris

Yrke Forfattar, dramatikar
Marguerite Duras på Commons
Marguerite Duras i 1993

Marguerite Duras (fødd Marguerite Donnadieu4. april 19143. mars 1996) var ein fransk forfattar og filmskapar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Duras var fødd og voks opp i Fransk Indokina, og la ofte handlinga i verka sine til dette området. Ho var aktiv i motstandskampen under den andre verdskrigen og var medlem av det franske kommunistpartiet til ho blei ekskludert i 1950-åra.

Ho døydde i Paris, og vart jordfesta i gravlunden Cimetière du Montparnasse.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Duras skreiv først tradisjonelle, realistiske romanar i ein stil som særleg var påverka av François Mauriac. Etterkvart eksperimenterte ho meir med form og blei ei tid assosiert med «nyromanen». Romanane hennar er ofte korte og sterkt komprimerte, og har ingen «allvitande forteljar», slik at bøkene får eit ope og mangetydig preg. Duras er meir oppteken av innhaldet i romanane enn nyromanforfattarane gjerne er, og romanane har ofte eit feministisk preg.

Stadig tek ho opp forholdet mellom ein kvinnelege hovedperson og ein ektemann/elskar eller ei venninne/rivalinne. Romanene L'Amant (1984, som vann Goncourt-prisen; norsk Elskeren) og La Douleur (1985, norsk Smerten), som skildrar menneskelege konfliktar under andre verdskrigen, gav henne ein stor lesarkrins. Ho tok opp tilsvarande stoff i L'Amant de la Chine du Nord (1991; norsk Elskeren fra Nord-Kina, 1995).

Det er typisk for Duras sine romanar at dialogen speler ei viktig rolle. Ho skreiv også ei rekkje tekstar for teater, mellom anna La Square (1962), La Musica (1965) og Suzanna Andler (1968). I 1959 skreiv ho originalmanus til den poetiske krigsfilmen Hiroshima, mon amour (Hiroshima, min elskede; regi Alain Resnais), og laga seinare filmar som ofte videreutvikla tema frå romanane og teaterstykka. Den filmatiske stilen hennar likner på romanskriften, langsom og befridd for overflødige element.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • Les Impudents, 1943.
  • La Vie tranquille, 1944.
  • Un barrage contre le Pacifique, 1950. Norsk oms. 1999: Demning mot Stillehavet.
  • Le Marin de Gilbaltar, 1952.
  • Les Petits chevaux de Tarquinia, 1953.
  • Des journées entières dans les arbres, Le Boa, Madame Dodin, Les Chantiers, 1954.
  • Le Square, 1955.
  • Moderato Cantabile’’, 1958. Norsk oms. 1982.
  • Dix heures et demie du soir en été, 1960.
  • L'après-midi de Monsieur Andesmas, 1962.
  • Le Ravissement de Lol V. Stein, 1964.
  • Le Vice-consul, 1965.
  • L'Amante anglaise, 1967.
  • Détruire, dit-elle, 1969.
  • Abahn Sabana David, 1970.
  • L'Amour, 1971, norsk oms. 1987.
  • « Ah ! Ernesto », (barnebok), 1971.
  • India Song, 1973.
  • Nathalie Granger og La Femme du Gange, 1973.
  • Vera Baxter ou les Plages de l'Atlantique, 1980.
  • L'Homme assis dans le couloir, 1980.
  • L'Été 80, 1980.
  • Outside, 1981.
  • L'Homme atlantique, 1982.
  • La Maladie de la mort, 1982.
  • L'Amant, 1984. Norsk oms. 1985: Elskeren.
  • La Douleur, 1985. Norsk oms. 1986: Smerten.
  • Les Yeux bleus, cheveux noirs, 1986.
  • La Pute de la côte normande, 1986.
  • La Vie matérielle, 1987.
  • Émily L., 1987. Norsk oms. 1989.
  • La Pluie d'été, 1990.
  • L'Amant de la Chine du Nord, 1991. Norsk oms. 1995: Elskeren fra Nord-Kina.
  • Yann Andréa Steiner, 1992.
  • Écrire, 1993. Norsk overs. 2014: Å skrive.
  • Le Monde extérieur, 1993.
  • C’est tout, 1995.
  • La Mer écrite, 1996.
  • Cahiers de la guerre et autres textes, 2006.

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Les Viaducs de la Seine et Oise, 1959.
  • Les Eaux et Forêts, 1965.
  • Le Square, 1965.
  • La Musica, 1965
  • Suzanna Andler, 1966. Norsk oms. 1973.
  • Des journées entières dans les arbres, 1966. Norsk oms. 1967: Dager i trærne.
  • Yes, peut-être, 1966.
  • Le Shaga, 1966.
  • Un homme est venu me voir, 1966.
  • L'Amante anglaise, 1968.
  • India Song, 1973.
  • L'Éden Cinéma, 1977.
  • Agatha, 1981. Norsk overs. 1990.
  • Savannah Bay, 1982.
  • La Bête dans la jungle, etter ei novelle av Henry James, 1984. Norsk oms. Dyret i jungelen.
  • La Musica deuxième, 1985.
  • Le Théâtre de l’amante anglaise, 1991.
  • Vera Baxter, 1999.
  • Home, 1999.
  • La Mouette, 1999.

Filmmanus[endre | endre wikiteksten]

  • Hiroshima mon amour, 1960. Norsk oms. 1989: Hiroshima min elskede.
  • Une aussi longue absence, sammen med Gérard Jarlot, 1961.
  • La Musica, 1965.
  • India Song, 1973.
  • Le Camion, 1977.
  • Le Navire Night, Césarée, Les Mains négatives, Aurélia Steiner, 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Christensen, Bente & Winther, Truls Olav. «Marguerite Duras» (27. oktober 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 7. juli 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]