Mari Kiviniemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mari Kiviniemi

Periode22. juni 2010–22. juni 2011
PartiCentern
Fødd27. september 1968
FødestadSeinäjoki
FøregangarMatti Vanhanen

Mari Johanna Kiviniemi (fødd 27. september 1968 i Seinäjoki) er ein tidlegare finsk politikar for Centern. Ho var finsk statsminister 2010–2011 og partileiar for Centern 2010–2012. I 2014 vart Kiviniemi visegeneralsekretær i OECD.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kiviniemi vart fødd i Seinäjoki, og voks opp i bygda Alavalli i Jalasjärvi som dotter av ein kyllingbonde. Som gymnasiast hadde ho eit utvekslingsopphald i Tyskland. Ho flytta til Helsingfors i 1988 for å studera økonomi. Ho har mastergrad i samfunnsvitskap frå Helsingfors universitet frå 1994. I tillegg til morsmålet finsk snakkar ho svensk, tysk og engelsk. Mari Kiviniemi gifta seg i 1996 med forretningsmannen Juha Mikael Louhivuori, som ho har barn med.[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Dei finske og svenske statsministrane Mari Kiviniemi og Fredrik Reinfeldt i 2010.

Kiviniemi vart vald inn i Riksdagen frå Södra Österbotten i 1995. I 2004 vart ho rådgjevar for økonomisk politikk for statsminister Matti Vanhanen, og fungerte deretter som utenrikshandels- og utviklingsminister i Matti Vanhanen si første regjering under Paula Lehtomäkis fødselspermisjon 2005–2006. Kiviniemi var medlem av bystyret i Helsingfors 2005–2012 og kommunalminister i Matti Vanhanen si andre regjering 2007–2010.[1]

I 2010 vart ho vald til ny partileiar i Centern etter Vanhanen, og overtok som statsminister kort tid etter.[2] Centern fekk ikkje auka veljartilslutting ved riksdagsvalet i 2011, og Kiviniemi måtte overlata statsministerposten til Jyrki Katainen frå Samlingspartiet. Centern gjekk i opposisjon, og Kiviniemi vart medlem av Riksdagen sin utanrikskomité. Ho søkte ikkje attval som partileiar i 2012, og trekte seg frå Riksdagen i 2014 for å bli visegeneralsekretær i OECD.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Henkilökuva» (på finsk). Mari Kiviniemis nettside. Arkivert frå originalen 6. mai 2014. Henta 7. mai 2015. 
  2. Grosvold, Øyvind (12. juni 2010). «Finsk kvinnelig statsminister» (på norsk). NRK. Henta 7. mai 2015. 
  3. «Mari Kiviniemi, Deputy Secretary-General» (på engelsk). OECD. Henta 7. mai 2015.