Maria Epple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Epple
Fødd 11. mars 1959
Seeg
Yrke alpinist

Maria Epple (fødd 11. mars 1959) er ein tysk tidlegare skirennar frå Seeg i Bayern som representerte Vest-Tyskland. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 1978. Irene Epple er storesystera hennar.

Epple debuterte i verdscupen i alpine greiner i 1975. Ho kom fyrste gong på pallen i verdscupen i eit storslalårenn i Val-d’Isère i desember 1977, ein månad seinare vart ho nummer to i slalåm i Maribor, eit renn vunne av Hanni Wenzel. Likevel var det overraskande at ho skulle vinne gullmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, fem hundredels sekund føre sveitsiske Lise-Marie Morerod.

Epple vann sin fyrste verdscupsiger i Zwiesel 1981, i eit storslalåmrenn. I 1982-sesongen vann ho tre storslalåmtevlingar i verdscupen. Ho sikra seg sin femte verdscupsiger då i januar 1985 rende ned til siger i slalåm i Arosa. Gjennom perioden 1977-85 stod ho på pallen i 22 verdscuprenn (5-12-5), 16 i storslalåm og seks i slalåm. Ho la opp etter 1986-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]