Hopp til innhald

Maria Høgetveit Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Høgetveit Berg
StatsborgarskapNoreg
Fødd1941 (85 år)
Vinje kommune
Yrkelærar
Språknorsk, nynorsk
EktefelleHallgrim Berg

Maria Høgetveit Berg (fødd Maria Midttun Høgetveit;[1], 2. november 1941) er ein norsk lærar, kultur- og organisasjonskvinne frå Vinje i Telemark. I 1981 vart ho vald til leiar i Noregs Mållag, og det var fyrste gong ei kvinne hadde det vervet.[2] Ho var med i interimstyret til Landssamanslutninga av Nynorskkommunar, og har vore aktiv i Norsk folkemusikk- og danselag og leiar i FolkOrg[3] sidan 2009.

Ho er utdanna lærar, og har også vore kultursjef i Ål i Hallingdal 1989-2008.[3]

Maria Høgetveit Berg er gift med Hallgrim Berg og mor til juristen Borgar Høgetveit Berg og historikaren Sigrun Høgetveit Berg.[4][1]

  1. 1 2 Torp, Olaf Chr. (1982). Stortinget i navn og tall. Universitetsforl. ISBN 8200059987.
  2. «Formenn og leiarar - Noregs Mållag». www.nm.no. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 5. november 2016.
  3. 1 2 «Maria Høgetveit Berg - Allkunne». www.allkunne.no. Henta 5. november 2016.
  4. «Hallingljom» (PDF). Hallinglaget. Henta 5. november 2016.