Maria Luisa av Savoie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Maria Lovisa av Savoia)
Gå til: navigering, søk
Maria Luisa av Savoie
Queen Maria Luisa of Spain, Princess of Savoy.jpg
Fødd 17. september 1688
Torino
Død

14. februar 1714
Madrid

Maria Luisa av Savoie på Commons

Maria Luisa Gabriella av Savoie (17. september 168814. februar 1714) var spansk dronning og tidvis regent frå 1701, då ho blei gift med kong Filip V av Spania.

Maria Luisa var fødd i Torino som dotter av Viktor Amadeus II av Savoie og Anne d'Orléans, og niese av Ludvig XIV av Frankrike. 2. november 1701, tretten år gammal, blei ho gift med Filip, som var barnebarn av kongen. Syster hennar Marie-Adélaïde var allereie gift med bror til Filip. Paret hadde sønene Ludvig (1707-1724) og Ferdinand VI av Spania (1713-1759), i tillegg til Felipe og Felipe Pedro, som døydde som barn.

Som dronning hadde Maria Luisa stor innverknad over maken, men var sjølv under sterk påverknad frå Marie Anne de La Trémoille, prinsessa av Ursins, som blei overhoffdama hennar. Etter 1702 verka ho som regent i Spania då kongen var vekke under den spanske arvefølgjekrigen. Ho blei populær i Spania og blei kalla «La Savoyana», 'kvinna frå Savoie'. Maria Luisa blir gjerne skildra som ein talentfull regent som skapte orden og tok opp klager.

Mot slutten av livet blei Maria Luisa sjuk av tuberkulose. Ho døydde 25 år gammal og blei gravlagd ved San Lorenzo de El Escorial.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maria Luisa av Savoie