Maria Mutola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Mutola
Maria Mutola Valence 2008 cropped.jpg
Fødd 27. oktober 1972
Maputo
Maria Mutola på Commons

Maria de Lurdes Mutola (fødd 27. oktober 1972) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Maputo i Mosambik som spesialiserte seg på 800 meter. I tida 1993-2003 vann ho tre VM-gull, eitt OL-gull, VM-sølv, OL-sølv og VM-bronse på spesialdistansen. Perioden 1991-2008 kvalifiserte ho seg til 13 av dei 14 VM-/OL-finalane på 800 meter, ein unik prestasjon i friidrettssoga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mutola deltok i Sommar-OL 1988, 15 år gammal, og rauk ut i forsøksløpet etter personbeste på 2.04,3. To år seinare vart ho afrikameister på 800 m. I 1991 fekk ho stipend ved ein skule i Springfield i Oregon og byrja gjere stor framgong. Ved friidretts-VM 1991 overraska ho stort og vart nummer fire på tida 1.57,63, fattige 0,13 sekund bak gullvinnaren.

Mutola vart verdsmeister fyrste gongen i 1993, ho var då heilt suveren på 800 meter. I 1994-sesongen gjorde ho unna sin snøggaste 800-meter då ho vann ei tevling i Zürich på tida 1.55,19. Året etter vart ho diskvalifisert i verdsmeisterskapen for å ha trakka ut av bana si i semifinalen. Mutola var storfavoritt under sommarleikane i Atlanta sommaren 1996, men var ikkje i si beste form og makta ikkje passere Svetlana Masterkova frå Russland og Ana Fidelia Quirot frå Cuba på oppløpet. Også i friidretts-VM i Aten året etter enda Mutola på bronseplassen på 800 m, Quirot vann.

I 1998 vann Mutola 800 m i Samveldeleikane. Ho vart så slått på målstreken av tsjekkiske Ludmila Formanová i VM 1999 i Sevilla. Hennar største stund på friidrettsbana kom då ho vann ein klar siger i 800-metertevlinga under Sommar-OL 2000 i Sydney. Store folkemengder møtte fram då ho kom heim til Maputo med gullmedaljen.

Både i 2001 og 2003 sikra Mutola seg gullmedaljen på 800 meter i verdsmeisterskapane. Under 800-meterfinalen i OL 2004 låg ho godt an til å forsvare OL-tittelen, men måtte sjå seg slått av tre løparar i spurten og hamna utanfor sigerspallen, 0,13 sekund bak den olympiske meisteren, britiske Kelly Holmes. Også ved friidretts-VM 2005 enda Mutola som nummer fire på 800 m. Ho tok seg til finale også i VM 2007 og OL 2008, utan å blande seg inn i hardaste medaljestriden.

Mutola i gul drakt (2588) under OL-finalen på 800 meter i Sydney 25. september 2000

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]