Hopp til innhald

Maria Parr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Parr

StatsborgarskapNoreg
Fødd18. januar 1981 (45 år)
Vanylven
Yrkebarnebokforfattar, lektor, skribent, ungdomsforfatter
Språknorsk
PrisarÅrets nynorskbrukar, Guro Sandsdalens litteraturpris, Sigmund Skard-stipendet, Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond, Ole Vig-prisen, Brageprisen i barne- og ungdomslitteratur, Skolebibliotekarforeningens litteraturpris, Brageprisen i barne- og ungdomslitteratur
Maria Parr på Commons
Maria Parr signerer bøker ho har skrive i lag med nokre vaffelhjarte

Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

Maria Parr har mastergrad i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, og studerer no ved Høgskulen i Volda

Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk. I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. Brageprisen fekk ho og i 2017 for Keeperen og havet. I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.

  • Vaffelhjarte, barnebok, 2005
  • Tonje Glimmerdal, barnebok, 2009
  • Keeperen og havet, barnebok, 2017
  • Oskar og eg, barnebok, 2023

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Det Norske Samlaget Årsmelding og reknskap 2010»». Det Norske Samlaget. 14. april 2011.
  2. «Maria Parr kulturprisvinnar i Vanylven 2011», vanylven.kommune.no, arkivert frå originalen 9. mars 2012, henta 17. november 2011
  3. ««Sigmund Skard-stipendet 2013 til Maria Parr»». Det Norske Samlaget. 14. august 2013. Henta 20. august 2013.
  4. Steenberg, Nora (23. november 2023), «– Ein Oskar i livet skulle alle ha», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 25. november 2023

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]