Maria Pietilä-Holmner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Pietilä-Holmner
Maria Pietilä-Holmner Semmering 2010.jpg
Fødd 25. juli 1986
Umeå
Yrke alpinist
Maria Pietilä-Holmner på Commons

Maria Pietilä-Holmner (fødd 25. juli 1986) er ein svensk alpin skirennar frå Umeå som har vunne to VM-sølv og like mange VM-bronsar i tida 2007-13. Ho deltek einast i dei tekniske øvingane.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pietilä-Holmner vann slalåmtevlinga under junior-VM 2006 i Canada og kom på tiandeplass i storslalåm under Vinter-OL 2006 i Torino. Under VM i alpine greiner 2007 på svensk snø i Åre tok ho ein noko overraskande sølvmedalje i storslalåm.

Ho oppnådde sitt beste olympiske resultat då ho under Vinter-OL i Vancouver kom på fjerdeplass i slalåmtevlinga. Året etter fekk ho to bronsemedaljar i VM i alpine greiner 2011 i Garmisch-Partenkirchen. Fyrste medaljen kom i lagtevlinga for Sverige, i lag med mellom andre Anja Pärson, og så i slalåmrennet. I alpin-VM 2013 i Schladming lukkast det svenske laget, med mellom andre Pietilä-Holmner, Frida Hansdotter, Mattias Hargin og Andre Myhrer kapre sølvet. Pietilä-Holmner vart så nummer seks i slalåmøvinga. Ein ny sjetteplass oppnådde ho under vinterleikane i Sotsji, men då i storslalåm.

Vinteren 2010/11 vann Pietilä-Holmner to slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner, det andre eit parallelrenn i München. Hennar tredje rennsiger kom då ho i desember 2014 triumferte i eit slalåmrenn i heimlege Åre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar