Maria Teresa Agnesi Pinottini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Teresa Agnesi Pinottini

Fødd17. oktober 1720
FødestadMilano
Død19. januar 1795 (74 år)
DødsstadMilano
Sjangeropera
Instrumentcembalo
Verka somcembalist, komponist, salongvertinne, pianist, operasongar
Maria Teresa Agnesi Pinottini

Maria Teresa Agnesi Piottini (7. oktober 172019. januar 1795) var ein italiensk komponist og musikar under klassisismen. Agnesi Piottini var ein av dei første kvinnelege komponistane av italiensk opera. Ho var fødd i Milano og var ei yngre syster av den vidkjende matematikaren og polyglotten Maria Gaetana Agnesi.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresa (døypt Teresa Maria Gaetana) var dotter av Pietro Agnesi og Anna Fortunata Brivio, som tilhøyrde lågadelen. Familien var velståande. Faren hadde i alt tre koner og 21 born.

Maria Teresa lærte song og å spela cembalo. Ho studerte mellom anna under Carlo Zuccari. Som tenåring underheldt ho besøkande med musikalske framføringar, medan Maria Gaetana heldt diskursar på latin. Ho spelte særleg verk av Jean-Philippe Rameau på cembalo.

Maria Teresa Agnesi gifta seg med Pier Antonio Pinottini 13. juni 1752. I løpet av dei neste tjue åra skreiv ho ei rekkje verk. Ekteparet møtte Leopold og Wolfgang Amadeus Mozart i 1770, då far og son besøkte Milano.

I dei seinare åra kjenner ein ingen fleire verk av Agnesi Pinottini. Ho fekk prengeproblem og måtte få økonomisk hjelp av ei syster. Pier Antonio døydde i 1792 og Maria Teresa i 1795. Paret hadde ingen born.

Verk[endre | endre wikiteksten]

I 1747 hadde Agnesi premiere på Il ristoro d'Arcadia ved Teatro Regio Ducal i Milano. Ciro in Armenia frå 1753 er rekna som hennar viktigaste verk. Agnesi-Pinottini komponerte i alt sju operaer, tre av dei hadde ho også skrive libretto for. Mange av komposisjonane hennar er tapte, og berre kjende frå omtale. Ho skreiv mellom anna ei samling ariar for keisarinne Maria Teresia av Austerrike, som støtta henne økonomisk. Den samtidige komponisten Maria Antonia Walpurgis var også ein viktig støttespelar.

Maria Teresa Agnesi Pinottini er avbilda i operahuset La Scala i Milano. Musikken hennar er sjeldan framført i dag, men i Mozart-året 2006 hadde Ulisse in Campania si første oppsetjing ved Schönbrunn-teateret i Wien. Han blei seinare også oppført ved Teatro Quirino i Roma. Det finst også nokre moderne innspelingar av dei gjenverande verka til Agnesi Pinottini.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dramatiske verk (for opera):

  • Il ristoro d'Arcadia (1747)
  • Ciro in Armenia (Libretto av Agnesi, 1753)
  • Il re pastore (Libretto av Pietro Metastasio, ca. 1756)
  • Sofonisba (Libretto av Giuseppe Maria Tomasi, 1765)
  • Insubria consolata (Libretto av Agnesi, 1766)
  • Ulisse in Campania (Libretto av Agnesi, 1768)
  • Nitocri (Libretto av Apostolo Zeno, 1771)

Andre (klavar, små ensemble, song)

  • 12 ariar, S, 2
  • Aria en Murki: Still, stille Mann!,
  • 4 concertoar. (F, F, F, D) (str pts missing in A-Wn, D-Dl), 1 nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1766
  • Sonate, G, nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1767 (gjenfunnen i 1998)
  • Sonate, F (1992)
  • Allegro ou Presto
  • Allemande militare & Menuetto grazioso, kbd, ed. F. Brodszky, -Thesaurus Musicus, xvii (1962)
  • Concerto, Eâ, hpd, nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1766; sonate, G, kbd, nemnd i Breitkopf-katalogen frå 1767; Airs divers (tapt)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Hofkomponistinnen in Europa: Aus Boudoir und Gärten, Vol. 2 (Cybele, 2005)
  • Meda, Agnesi, Nava D'Adda, Ferrari: Note Femminili. Compositrici Lombarde Dal XVII Al XIX Secolo (Stardivarius, 2011)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen bygger på «Maria Teresa Agnesi Pinottini» frå Wikipedia på tysk, den 10. mars 2013.
    • Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
      • Gian Paolo Chiti, Domenico Carboni: Ulisse in Campania. Maria Pacini Fazzi Editore, Lucca 2006
      • Constantin von Wurzbach: «Agnesi, Maria Cajetana», Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich. Band 1. Verlag L. C. Zamarski, Wien 1856, S. 6 f.