Maria Teresia av Austerrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Teresia
Kaiserin Maria Theresia (HRR).jpg
Tysk-romersk keisarinne, tysk dronning,
dronning av Ungarn, Kroatia og Bøhmen;
erkehertuginne av Austerrike
Regjeringstid 20. oktober 1740-29. november 1780
Fødd 13. mai 1717
Fødestad Wien
Død 29. november 1780 (63 år gammal)
Dødsstad Wien
Gravlagd Kapuzinarkrypta i Wien
Føregjengar Karl VI
Etterfølgjar Josef II
Gemal Frans I av Det tysk-romerske riket
Kongehus Huset Habsburg-Lorraine
Far Karl VI av Det tysk-romerske riket
Mor Elisabeth Christine av Brunswick-Wolfenbüttel

Maria Theresia Walburga Amalia Christina (fødd 13. mai 1717 i Wien, død 29. november 1780 same stad) var den einaste kvinnelege herskaren av Habsburgmonarkiet og den siste av huset Habsburg. Ho var statsoverhovud for Austerrike, Ungarn, Kroatia, Böhmen, Transylvania, Mantova, Milano, Parma, Galicia og Lodomeria og Dei austerrikske Nederlanda. Gjennom ekteskapet med keisar Frans I Stefan var ho også hertuginne av Lorraine, storhertuginne av Toscana og keisarinne av Det tysk-romerske riket.[1] Sidan ho var den andre personen kalla Maria til å herska over dei Austerrikske Nederlanda (etter Maria av Burgund) og Ungarn (etter Maria av Anjou), blir ho av og til også kalla Maria II Theresa.[2]

Maria Teresia var dotter av Karl VI av Det tysk-romerske riket, som ikkje hadde søner. Gjennom Den pragmatiske sanksjonen av 1713 bana han vegen for at dottera kunne arva trona, sjølv om kvinner ikkje hadde slik arverett gjennom Den saliske lova.[3] Då Karl VI døydde i 1740 gjekk fleire statar tilbake på avtalen, og Den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut. Krigen varte i oppimot åtte år og førte til at Maria Teresia tapte Schlesien til Fredrik II av Preussen, som blei ein erkefiende. Ho prøvde seinare å ta territoriet attende i Sjuårskrigen, utan å lukkast. Bortsett frå tapet av Schlesien og nokre mindre italienske territorium klarte likevel Maria Teresia å overta det meste av riket.

Maria Teresia regjerte i 40 år, og hadde mykje folkeleg sympati. Det blei forventa at ho ville overlata styret til ektemannen og seinare sonen sin, men ho regjerte i staden som absolutt monark med støtte frå rådgjevarar.[4] Både ektemannen Frans Stefan og sonen Josef var offisielt medregentar i Austerrike og Bøhmen,[5] og særleg samarbeidet med Josef kunne vera vanskeleg.

Som monark gjennomførte Maria Teresia viktige reformar og styrka økonomien og den internasjonale stillinga til riket. Ho interesserte seg for skulevesenet og organiserte ein folkeskule som blei eit forbilde i Europa. Adelen blei skattlagt, og ikkje-adelege fekk tilgang til roller i administrasjonen. Ho lovfesta også kor mykje arbeid ein godseigar kunne kreva av dei liveigne bøndene, men våga ikkje å oppheva ordninga med liveigenskap. Heksebrenning og avhøyr med tortur blei avskaffa. På den andre sida peika ho seg ut som lite religiøst tolerant i høve til jødar og protestantar, særleg tidleg i styret sitt.[6]

I ekteskapet med Frans Stefan fekk Maria Teresia 16 barn; 10 av dei levde til vaksen alder. Dei hadde 11 døtrer, blant dei den seinare franske dronninga Maria Antonia (Marie Antoinette), Maria Karolina som blei dronning og regent av Napoli og Sicilia og Maria Amalia, som blei erkehertuginne av Parma. Av ei fem sønene blei to av dei, Josef og Leopold, tysk-romerske keisarar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ein kvinneleg arving[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia som treåring i hagen ved Hofburg-slottet.
Erkehertuginne Maria Teresia som elleveåring i 1729,[7] måla av Andreas Möller.

Maria Teresia var dotter av keisar Karl VI og keisarinne Elisabeth Christine (fødd prinsesse av Braunschweig-Wolfenbüttel). Ho var den den eldste dottera deira, og det eldsta barnet som levde opp av. Den einaste broren hennar, Leopold Johann, døydde som spedbarn i november 1716, eit halvt år før ho blei fødd. Karl VI kom aldri heilt over skuffelsen over å ikkje ha fått ein mannleg arving.[8][9]

Dåpen fann stad om kvelden same dagen som ho var fødd. Fadderane hennar var dei tidlegare keisarinnene Wilhelmina Amalia, som var tanta hennar, og farmora Eleonora av Pfalz-Neuburg. Maria Teresia blei boren fram framfor syskenbarna Maria Josepha og Maria Amalia, i eit klart teikn på at ho hadde høgare rang enn dei. Maria Josepha hadde inntil då vore den neste i arverrekkja til Habsbburg-monarkiet, etter ein avtale Karl og den eldre broren hans Josef hadde gått med på i 1703. Alt i 1713 sette Karl avtalen til side med Den pragmatiske sanksjonen som gav hans eventuelle døtrer forrang framfor niesene hans.[10]

Gjennom mange år arbeidde Karl VI for at andre europeiske land slulle gå med på denne arvefølgja, som streid mot den saliske lova frå mellomalderen. Ved Wien-traktaten i 1731 gjekk Storbritannia med på sansjonen berre om Ostende-kompaniet, som dreiv handel med Austen, blei oppløyst.[11] I tillegg til Storbritannia blei sanksjonen til slutt også godkjend av Frankrike, Sachsen-Polen, Dei sameinte Nederlanda, Spania,[12] Venezia,[13] Pavestatane,[13] Preussen,[14] Russland,[13] Danmark-Noreg,[14] Savoy-Sardinia,[14] Bayern[14] og Riksdagen i Det tysk-romerske riket.[14] Frankrike, Spania, Sachsen-Polen, Bayern og Preussen gjekk seinare tilbake på dette.

Då ho var litt over eitt år gammal fekk Maria Teresia ei syster, Maria Anna, og Maria Amalia følgde nokre år seinare i 1724.{{mrk|Maria Teresia kom til å overleva begge systrene. Maria Amalia døydde berre seks år gammal, medan Maria Anna døydde i barsel i 1744.[15] Til skilnad frå mange andre i huset Habsburg var ikkje foreldra eller besteforeldra til Maria Teresia nært i slekt.[a]

Sidan Karl VI aldri slutta å håpe på ein mannleg arving, fekk ikkje Maria Teresia den utdanninga som førebudde henne på dei utfordringane ho ville møte som monark.[16][17] Ho fekk vera med på rådsmøte frå ho var fjorten, men diskuterte aldri regjeringssaker med faren.[18] Ho fekk opplæring i teikning, måleri, musikk og dans, emne som ville ha førebudd henne på å vera ei dronninggemalinne. Maria Teresia var alvorleg og reservert som barn, men likte song og bogeskyting.[19] Keisarefamilien sette opp operastykke, ofte dirigert av Karl VI, som ho tok del i med glede.[20] Ho fekk ikkje lov til å læra å ri av faren, men lærte seinare det grunnleggjande for å kunna utføra den ungarske kroninga si.

Jesuittar stod for mykje av utdanninga hennar. Dei skal ha lært henne å beherska latin, men ikkje mykje anna. Stavinga og teiknsetjinga hennar var ukonvensjonell, og ho hadde ikkje den formelle vere- og talemåten som hadde kjenneteikna dei tidlegare habsburgherskarane. Maria Teresia talte, og skreiv også av og til, lokal Wien-tysk i staden for formell tysk.[21] Maria Teresia fekk eit nært band til grevinne Marie Karoline von Fuchs-Mollard, som lærte henne etikette.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupsfrukosten til Maria Teresia og Frans Stephan måla av Martin van Meytens. Karl VI (i hatt med raud fjør) sit ved midten av bordet.

Frå tidleg i barndommen blei det diskutert kven Maria Teresia skulle gifta seg med. Ho var opphavleg trulova med ein tremenning, Leopold Clemens Karl, som var arveprins i Lothringen (Lorraine). Han skulle møta henne i Wien i 1723, men døydde i ein kopparepidemi dette året.[22] Ein yngre bror, Frans Stefan, blei invitert i staden. Sjølv om han var Karl VI sin favorittkandidat,[23] vurderte keisaren også andre ektemaker. Av religiøse grunnar kunne han ikkje arrangera ekteskap mellom dottera og den kalvinistiske Fredrik II av Preussen. I 1725 trulova han henne til Karl III av Spania og systera hennar Maria Anna til Philip av Spania. Andre europeiske makter tvinga han til å gå tilbake på avtalen han hadde gjort med den spanske dronninga Elisabeth Farnese. Maria Teresia, som var blitt glad i Frans Stefan, var letta.[24][25]

Frans Stefen blei verande ved keisarhoffet fram til 1729, då han arva trona av Lorraine.[26] Han fekk likevel ikkje nokon formell lovnad om Maria Teresia si hand før 31. januar 1736, under Den polske arvefølgjekrigen.[27] Etter påtrykk frå Ludvig XV av Frankrike og Karl VI gav Frans Stefan avkall på Lorraine mot å overta storhertugdømet Toscana når den barnlause Gian Gastone de' Medici døydde.[28] Paret blei gifte 12. februar 1736.[29] Maria Teresia var 18 år gammal. Brev ho sende til Frans Stefan kort tid før dei blei gifte uttrykte det sterke ønsket hennar om å sjå han. Breva hans til henne hadde derimot meir standardiserte, formelle former.[30][31] Gjennom ekteskapet kom Maria Teresa til å kjenna sterk sjalusi, og utruskapen til Frans Stefan var den største samlivsvansken deira. Den best kjende elskarinna hans var Maria Wilhelmina von Neipperg.[32][33][34]

Då Gian Gastone døydde i juli 1737 gav Frans Stefan avkall på Lorraine og blei storhertug av Toscana. I 1738 sende Karl VI det unge paret dit for å gjera formelt inntog i Toscana. Det blei reist ein triumfboge ved Porta Galla, som framleis står. Paret hadde eit kort opphald i Firenze, før dei blei kalla tilbake av keisaren. Karlv VI frykta at han skulle døy medan arvingen hans var langt unna i Toscana.[35] Sommaren 1738 leid Austerrike nederlag i Den russisk-tyrkiske krigen. Tyrkarane tok tilbake Serbia, Wallachia og Bosnia, som Austerike tidlegare hadde vunne. I Wien gjorde folk opprør mot den kostbare krigen. Folk hadde også mykje imot Frans Stefan, som mange meinte var ein veik fransk spion.[35] Krigen enda i 1739 med freden i Beograd.

Habsburgtrona[endre | endre wikiteksten]

20. oktober 1740 døydde Karl VI utan søner. Dermed arva Maria Teresia i tråd med den pragmatiske sanksjonen, som keisaren hadde brukt heile regjeringstida si til å sikra, heile habsburgmonarkiet. Sidan ho var kvinne var det likevel sterk opposisjon mot å la henne ta over trona. I tillegg var Austerrike så godt som bankerott. Karl VI hadde ikkje teke prins Eugene av Savoie sitt råd om å fylla skattkammeret i staden for å samla signaturar frå monarkar.[10] Etter krigen mot Tyrkia og Den polske arvefølgjekrigen hadde staten berre att 100 000 gulden, som enkja til Karl gjorde krav på.[36] Hæren hadde berre 80 000 menn. Dei fleste hadde ikkje fått løn på fleire månader, men var likevel svært lojale mot den nye herskaren sin.[37][38]

Maria Teresia var i ein vanskeleg situasjon. Ho visste lite om statlege saker, og kjende ikkje til eigenskapane til faren sine ministrar. Ho bestemte seg for å lytta til faren sitt råd om å halde på rådgjevarane hans og å underordna seg ektemannen, som ho rekna som meir erfaren i statsstyring. Ho kom seinare til å angra på begge avgjerdene. Ti år seinare skildra Maria Teresia stoda slik: «Eg fann meg sjølv utan pengar, utan kreditt, utan hær, utan eiga erfaring eller kunnskap og endeleg utan noko råd fordi kvar og ein av dei ville venta og sjå korleis sakene utvikla seg først.»[17][39]

Ho byrja straks arbeidet med å sikra seg keisarleg rang.[40] Sidan ei kvinne ikkje kunne bli vald som keisar av Det tysk-romerske riket, ville Maria Teresia sikra det for ektemannen, men Frans Stephan hadde ikkje nok land eller rang i riket.[b] For å gjera keisartrona tilgjengelg for han, og for å la han kunna røysta i keisaravrøystinga som herskar av Böhmen (noko ho ikkje hadde høve til som kvinne), utnemnde Maria Teresia mannen til medregent av dei austerrikske og bøhmiske områda den 21. november 1740.[41] Det tok over eit år for den ungarske riksdagen å godkjenna Frans Stefan som medregent.[42][43] Trass i kjærleiken til han og stillinga hans som medregent lét aldri Maria Teresia ektemannen avgjera statssaker, og sende han ofte bort frå rådsmøte dersom dei var ueinige.[44]

Den første demonstrasjonen av den nye dronninga sin autoritet var den formelle hyllinga som dei lågare austerrikske stendene gav henne den 22. november 1740. Dette var ei større offentleg hending som legitimerte stillinga hennar. Denne dagen blei også ein truskapseid til Maria Teresia i Hofburg.[45]

Krigar[endre | endre wikiteksten]

Arvefølgjekrigen[endre | endre wikiteksten]

Straks etter at Maria Teresia kom på trona gjekk fleire land tilbake på løfta sine om å æra den pragmatiske sanksjonen. Bayern, Spania, Sachsen og Preussen prøvde å utnytte det dei såg på som eit no svakt Austerrike ved å gjere krav på delar av habsburgriket, noko som var byrjinga på den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748).

Dronning Elisabet av Spania og Karl Albrecht av Bayern, som var gift med den tidlegare arvingen til habsburgtrona Maria Amalia, gjorde begge krav på delar av riket.[36] Maria Teresia klarte likevel å sikra anerkjenning frå kong Karl Emmanuel III av Sardinia, som ikkje hadde godteke den pragmatiske sanksjonen i Karl VI si levetid, i november 1740.[42]

I desember invaderte kong Fredrik II av Preussen hertugdømet Schlesien. Han bad Maria Teresia gje avkall på provinsen, og truga med å gå saman med fiendane hennar om ho nekta. Maria Teresia bestemte seg for å slost for den mineralrike området.[46] Fredrik tilbaud eit kompromiss: Han ville kjempa for Maria Teresia sine rettar om ho ville gje avkall på ein del av Schlesien. Frans Stephen hella mot å godta ei slik ordning, men dronninga og rådgjevarane hennar gjekk imot. Dei frykta at eikvar endring av den pragmatiske sanksjonen kunne gjera heile dokumentet ugyldig.[47] Dermed byrja Dei schlesiske krigane og ein livslag uvennskap mellom Maria Teresia og Fredrik II; ho omtalte han som «den vonde mannen».[48]

Austerrike leid nederlag i slaget ved Mollwitz mot Preussen i april 1741.[49] Frankrike la ein plan for å dela Austerrike mellom Preussen, Bayern, Sachsen og Spania.[50] Den franske marskalken Belle-Isle møtte Fredrik i Olmütz. Ingen av rådgjevarane til Maria Teresia hadde vente eit slikt svik frå Frankrike, og panikk braut ut i Wien. Maria Teresia gjekk motvillig med på forhandlingar med Preussen etter å ha blitt oppmoda både av ektemannen og av britiske utsendingar.[51]

Ganske uventa fekk Maria Teresia sterk støtte frå Ungarn.[52] Ho blei krona til dronning av Ungarn i Pressburg (Bratislava) den 25. juni 1741 etter månader med rideøving, som var nødvendig for seremonien, og forhandlingar med riksdagen. Ho fekk fleire maskuline titlar, som erkehertug og konge, noko som skulle gjera det lettare å godta ein kvinneleg herskar.[53]

Maria Theresa måla av Martin van Meytens i 1742

I juli hadde alle forhandlingane brote saman. Maria Teresia sin tidlegare allierte, kurfyste Fredrik August av Sachsen, blei no ein fiende.[54] Georg II av Storbritannia og Brunswick-Lüneburg erklærte fyrstedømet som nøytralt.[55] Igjen trengde Maria Teresia støtte frå Ungarn. Ved hjelp av å smigra ungarske adelsmenn og gje etter for nokre av krava deira oppnådde ho både at dei godkjende Frans Stefan som medregent og innførte allmenn verneplikt. Då begge måla var blitt oppnådde heldt ho sonen sin, Josef, triumferande opp framfor riksdagen.[56][57][58]

I 1741 blei Maria Teresia informert om at folk i Bøhmen heller ville ha Karl Albert av Bayern som herskar enn henne. Ho svor å bruka alle middel for å halda på kongedømet.[59] 26. oktober det året tok Karl Albert Praha og erklærte seg sjølv konge av Bøhmen. Maria Teresia, som då var i Ungarn, gret over tapet.[60] 24. januar 1742 blei Karl Albert einstemmig vald til keisar av Det tysk-romerske riket. Med dette blei den 300 år gamle tradisjonen med at den tysk-romerske keisaren vart stilt av huset Habsburg avbroten. Maria Teresia såg på valet som ein katastrofe, og insisterte på ein vinterkrig.[61] Same dag som han blei vald til keisar erobra austerrikske troppar under Ludwig Andreas von Khevenhüller hovudstaden hans, München.[62]

Breslau-traktaten frå juni 1742 enda krigshandlingane mellom Austerrike og Preussen, og erkehertuginna kunne konsentrera seg om å ta tilbake Bøhmen.[63] Franske styrkar flykta frå Bøhmen om vinteren same året. 12. mai 1743 kunne Maria Teresia krona seg sjølv til dronning av Bøhmen i St. Vitus-katedralen i Praha.[64][65] Preussen likte dårleg austerrikske framrykkingar på Rhin-grensa, og i august 1744 storma Fredrik Praha. I januar 1745 raste dei franske planane saman då Karl Albert døydde. Franske styrkar kunne likevel erobra Dei austerrikske Nederlanda i mai.[66]

13. september 1745 blei Frans Stephan vald til keisar av Det tysk-romerske riket. Preussen anerkjende han som keisar, og Maria Teresia aksepterte tapet av Schlesien igjen i desember 1745.[67] Krigen fortsette i tre år til, med kampar i Nord-Italia og Dei austerrikske Nederlanda, men dei habsburgske kjerneområda Austerrike, Ungarn og Bøhmen blei verande under Maria Teresia sin kontroll. Krigen blei endeleg avslutta med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748. Maria Teresia overgav Parma til Spania,[68] medan Ludvig XV, for å unngå framtidige krigar med Austerrike, gav Dei austerrikske Nederlanda tilbake til Austerrike..[69]

Sjuårskrigen[endre | endre wikiteksten]

I august 1756 braut Sjuårskrigen ut då Fredrik av Preussen invaderte Sachsen. Maria Teresia og statsmannen Kaunitz ønskte å vinna tilbake Schlesien.[70] Austerrike var no alliert med Frankrike og Russland, medan Preussen var alliert med Storbritannia og Portugal.

Etter det uavgjorte slaget ved Lobositz i 1756 erstatta erkehertuginna Maximilian von Browne som kommandør for dei austerrikske styrkane med svogeren sin, prins Karl Alexander av Lorraine.[71] Eit nytt prøyssisk åtak i juni 1757 gav Austerrike siger i slaget ved Kolin. Fredrik mista ein tredel av troppane sine og forlét krigsskodeplassen før slaget var over.[72] Han kom likevel tilbake seinare same år med ein stor siger mot Austerrike ved Leuthen, noko som sikra prøyssarane kontroll over Schlesien for resten av krigen.

Fredsforhandlingar i Haag i 1759 førte ikkje fram.[73] Franske og austerrikske tap byrja bli reverserte fram til 1762, då keisarinne Elisabet av Russland døydde. Etterfølgjaren hennar Peter III var ein stor beundrar av Fredrik, og trekte straks tilbake russisk støtte frå den franske koalisjonen. Preussen gjekk inn for å driva Austerrike ut av Sachsen og Frankrike frå Hesse-Kassel. Krigen nådde ein kostbar stillstand, og Maria Teresia innsåg at ho ikkje ville kunna ta tilbake Schlesien. Sjuårskrigen enda med Hubertusburg-traktaten og Paristraktaten i 1763, med store tap for Frankrike, men status quo ante bellum for Austerrike.[74]

Barn og familieliv[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia og Frans Stefan med barna sine, måla av Martin van Meytens i 1754.
Maria Teresia i svart, måla av Anton von Maron i 1772.

Gjennom giftarmålet vart herskarhuset Habsburg-Lothringen grunnlagd, fordi Maria Teresia var arvingen til huset Habsburg medan Frans Stefan var frå huset Lothringen. I det tjueårige eksteskapet sitt fekk dei 16 barn, og 13 av dei levde opp. Maria Teresia gjekk svanger gjennom store delar av krigane ho førte. Ho hevda sjølv at om ho ikkje hadde vore gravid det meste av tida, ville ho ha reist ut i krigen og kjempa sjølv.[48][75]

Det eldste barnet deira, Maria Elisabeth (1737–1740), blei fødd litt under eitt år etter bryllaupet deira. Mangelen på ein mannleg arving førte igjen til vonbrot, noko som gjentok seg med fødselen til det eldste barnet som voks opp, Maria Anna (1738–1789), og Maria Karolina (1740–1741). Under kampen for å verna om arva si retta Maria Teresia mange bøner om eit gutebarn til den heilage Josef, og då ho endeleg fekk ein son i 1741 gav ho han namnet Josef.

Maria Christina, som skal ha vore Maria Teresia sitt yndlingsbarn, blei fødd på 25-årsdagen hennar, fire dagar før den austerrikske hæren leid nederlag i slaget ved Chotusitz. Erkehertuginna fekk fem fleire barn i løpet av den austerrikske arvefølgjekrigen: Maria Elisabeth (1743–1808), Karl Josef (1745–1761), Maria Amalia (1746–1804), Leopold (1747–1792) og Maria Carolina (*/† 1748).

I fredsperioden fram til Sjuårskrigen fekk ho fem barn til - Johanna Gabriele (1750–1762), Maria Josefa (1751–1767), Maria Karolina (1752–1814), Ferdinand Karl Anton (1754–1806) og Maria Antonia (1755–1793). Det siste barnet hennar, Maximilian Frans (1756–1801), blei fødd under Sjuårskrigen då Maria Teresia var 39 år.[76] Frans Stefan døydde i 1765 og Maria Teresia gjekk frå denne dagen og resten av livet berre kledd i svart.

Ikkje lenge etter at ho hadde fått dei yngste borna sine, måtte Maria Teresia arrangera ekteskap for dei eldste. Ho behandla barna sine med omsut, men brukte dei likevel som middel i det politiske spelet. Ho kunne ofra deira glede til fordel for å fremja dynastiet eller staten.[77][78] Ho skreiv til alle barna sine minst ein gong kvar veke, og meinte ho hadde rett til å bestemma over dei uansett kor gamle dei var eller kva rang dei hadde.[79]

«Giftarmålspolitikken»[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia prøvde å bygge alliansar gjennom å inngå strategiske ekteskap for barna sine. Barna vart stort sett ikkje spurd om samtykke, men måtte føye seg i planane som mora deira hadde smidd for dei. Alle barna fekk ei streng utdanning som skulle førebu dei på eit liv ved framande hoff. Maria Teresia satsa hovudsakleg på å styrke sambanda til huset Bourbon, som var den dominerande herskarslekta i Frankrike, Spania og Italia på denne tida. Såleis måtte sønene gifte seg med prinsesser av Parma, Spania og Modena. Fleire av døtrene døydde eller vart vansira av koppar, slik at dei planlagte ekteskapa deira måtte skrinleggast. Medan Marie Christine som einaste barn fekk velje ektefelle sjølv (ein saksisk fyrste), vart Maria Amalia hertuginne av Parma, Maria Karolina (i staden for sine to eldre systrer) dronning av Dei to Sicilia og Maria Antonia (som Marie Antoinette) dronning av Frankrike.

Barn og stilling[endre | endre wikiteksten]

Barna til Maria Teresia og Frans Stefan var:

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia sitt våpen

Utanrikspolitikken var elles dominert av motsetnadsforholdet til Preussen, som i denne tida styrkte rolla si i den europeiske og tyske politikken. Prøyssarkongen Fredrik II vart på ein måte Maria Teresia sin erkefiende. Maria Teresia sitt forsøk på å isolere Preussen gjennom traktatar med Russland og Frankrike var berre delvis vellukka.

I den austerrikske arvefølgjekrigen klarte Maria Teresia å forsvare dei habsburgske områda mot krava frå Bayern, Spania og Sachsen. Dei einaste tapte områda var Schlesien, som vart erobra av Fredrik II og hertugdømmet Parma, som fall til huset Bourbon. Schlesien sitt tap vart endeleg stadfesta i sjuårskrigen (17561763). Austerrike heldt berre den sørlegaste fliken av provinsen (sjå Austerriksk Schlesien). Den viktigaste utanrikspolitiske rådgjevaren til Maria Teresia i desse krigane var grev Wenzel von Kaunitz.

På den andre sida utvida Maria Teresia riket ytterlegare i aust: I 1772 erobra ho Galicia og i 1775 Bukovina. I den bayerske arvefølgjekrigen fall dessutan Innviertel til Austerrike, slik at grensa mellom Austerrike og Bayern vart skyvd vestover fram til Inn og dermed fekk si noverande plassering.

Innanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia-daleren var eit betalingsmiddel i mange land heilt opp til 1900-talet

I 1749 starta Maria Teresia med innføringa av fleire innanrikspolitiske reformer i den opplyste absolutismen si and. Hennar viktigaste innanrikspolitiske rådgjevar var grev Friedrich von Haugwitz.

Reformene var mellom anna:

  • Forvaltinga vart sentralisert, dvs. delstatane fekk mindre sjølvstyre.
  • I tråd med maktfordelingsprinsippet vart den lovgjevande makta skilt frå den utøvande makta.
  • Rettsvesenet vart regulert gjennom mellom anna innføringa av strafferettslover.
  • Tortur vart avskaffa.
  • Vilkåra for liveigne vart betra.
  • Utdanningssituasjonen vart betra gjennom innføringa av den obligatoriske folkeskulen for alle barn.
  • Makta til kyrkja fekk sett statlege grenser.
  • Skattefritaket for adelen og presteskapet vart oppheva.
  • Handel og industri vart støtta.

Det var ikkje minst mange av desse reformene, kombinert med hennar mange barn og fromskap, som gjorde henne til ein særs populær monark hos folket sitt.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Medlemmar av Habsburg-dynastiet gifta seg ofte med nære slektningar slik som onklar med nieser, noko til dømes farfaren hennar Leopold hadde gjort då han gifta seg med Margareta Teresa av Spania. Maria Teresia stamma frå hans tredje kone som ikkje var nært i slekt med han, og foreldra hennar var også berre fjernt i slekt. Dawson Beales, 21.
  2. Toscana hadde ikkje vore del av keisarriket sidan Freden i Westphalia. Dei einaste territoria hans i riket var hertugdømmet Teschen og grevskapet Falkenstein. Dawson Beales, 190.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marie Theresa. (2009). Encyclopædia Britannica. Henta 22. april 2009, Encyclopædia Britannica Online.
  2. Ellenius 1998, s. 210.
  3. Crankshaw, 11–12.
  4. Kann 1980, s. 157.
  5. Dawson Beales, 39.
  6. Crankshaw, 302.
  7. Iby, 11.
  8. Mahan 1932, s. 11-12.
  9. Morris 2007, s. 8.
  10. 10,0 10,1 Ingrao 2000, s. 129.
  11. Crankshaw 1969, s. 24.
  12. Jones, 89.
  13. 13,0 13,1 13,2 Crankshaw, 37.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 Pragmatic Sanction of Emperor Charles VI, Encyclopædia Britannica, retrieved 15 October 2009.
  15. Ingrao 2000, s. 128.
  16. Crankshaw, 20.
  17. 17,0 17,1 Browning, 37.
  18. Morris, 28.
  19. Morris, 22.
  20. Crankshaw, 19–21.
  21. Spielman, 206.
  22. Mahan, 24–25.
  23. Crankshaw, 22.
  24. Mahan, 26.
  25. Morris, 25–26.
  26. Mahan, 27.
  27. Mahan, 37.
  28. Crankshaw, 25.
  29. Mahan, 38.
  30. Leland Goldsmith, 55.
  31. Mahan, 39.
  32. Mahan, 262–263.
  33. Leland Goldsmith, 171–172.
  34. Morris, 85.
  35. 35,0 35,1 Crankshaw, 26.
  36. 36,0 36,1 Morris, 47.
  37. Saperstein, 33.
  38. Roider, 22, 103.
  39. Dawson Beales, 24.
  40. Browning, 37–38.
  41. Dawson Beales, 183.
  42. 42,0 42,1 Browning, 38.
  43. Dawson Beales, 188–189.
  44. Roider, 8.
  45. Spielman, 207.
  46. Crankshaw, 43.
  47. Browning, 43.
  48. 48,0 48,1 Holborn, 218.
  49. Browning, 52–53.
  50. Crankshaw, 56.
  51. Crankshaw, 57-58.
  52. Browning, 66.
  53. Levy, 118. Browning, 67.
  54. Crankshaw, 75.
  55. Crankshaw, 77.
  56. Browning, 67.
  57. Mahan, 122.
  58. Morris, 74.
  59. Duffy, 151.
  60. Browning, 79.
  61. Browning, 92.
  62. Crankshaw, 93.
  63. Browning, 114.
  64. Crankshaw, 96.
  65. LeCaine Agnew, 84.
  66. Crankshaw, 97.
  67. Crankshaw, 99.
  68. Crankshaw, 100.
  69. Mitford, Nancy Frederick the Great 1970 s. 158
  70. Crankshaw, 238.
  71. Crankshaw, 240.
  72. Crankshaw, 242.
  73. Lever, 255.
  74. Lever, 257.
  75. Dawson Beales, 21, 39.
  76. Mahan, 266–271, 313.
  77. Russell Richards Treasure, 410.
  78. Mahan, 271.
  79. Dawson Beales, 194.
Bibliografi
  • Browning, Reed: The War of the Austrian Succession Palgrave Macmillan 1995 ISBN 0-312-12561-5
  • Byrne, James M: Religion and the Enlightenment: from Descartes to Kant Westminster John Knox Press 1997 ISBN 0-664-25760-7
  • Caroll, Harry J: The development of civilization: a documentary history of politics, society, and thought, Volume 2 Scott, Foresman 1969
  • Crankshaw, Edward (1969), Maria Theresa, Longman publishers 
  • Cochrane, Lydia G. & Melograni, Piero: Wolfgang Amadeus Mozart: a biography University of Chicago Press 2007 ISBN 0-226-51956-2
  • Dawson Beales, Derek Edward: Joseph II: In the shadow of Maria Theresa, 1741–1780 Cambridge University Press 1987 ISBN 0-521-24240-1
  • Dawson Beales, Derek Edward: Enlightenment and reform in 18th-century Europe I.B.Tauris 2005 ISBN 1-86064-950-5
  • Del Testa, David W; Lemoine, Florence; Strickland, John: Government leaders, military rulers, and political activists, Part 107 Greenwood Publishing Group 2001 ISBN 1-57356-153-3
  • Duffy, Christopher: The army of Maria Theresa: The Armed Forces of Imperial Austria, 1740–1780 Hippocrene Books 1977 ISBN 0-88254-427-6
  • Ellenius, Allan (1998), The Origins of the Modern State in Europe: 13th to 18th Centuries, Oxford University Press, ISBN 0-19-820550-3 
  • Fraser, Antonia: Marie Antoinette: the journey Anchor Books 2001 ISBN 0-385-48949-8
  • Fraser, David: Frederick the Great: King of Prussia A. Lane 2000 ISBN 0-7139-9377-4
  • Glajar, Valentina: The German legacy in East Central Europe as recorded in recent German-language literature Boydell & Brewer 2004 ISBN 1-57113-256-2
  • Goodwin, A: The New Cambridge Modern History CUP Archive 1976 ISBN 0-521-29108-9
  • Grell, Ole Peter & Porter, Roy: Toleration in Enlightenment Europe
  • Himka, John-Paul: Religion and nationality in Western Ukraine: the Greek Catholic Church and Ruthenian National Movement in Galicia, 1867–1900 McGill-Queen's Press – MQUP 1999 ISBN 0-7735-1812-6
  • Holborn, Hajo: A History of Modern Germany: 1648–1840 Princeton University Press 1982 ISBN 0-691-00796-9
  • Hopkins, Donald R: The greatest killer: smallpox in history, with a new introduction University of Chicago Press 2002 ISBN 0-226-35168-8
  • Iby, Elfriede: Maria Theresa, Biography of a Monarch Schönbrunn Palace 2009 ISBN 3-901568-57-3
  • Ingrao, Charles W (2000), The Habsburg monarchy, 1618–1815, Cambridge University Press, ISBN 0-521-78505-7 
  • Jones, Colin: The Great Nation: France from Louis XV to Napoleon, University of Columbia Press 2002 ISBN 0-231-12882-7
  • Kann, Robert A. (1980), A history of the Habsburg Empire, 1526–1918, University of California Press, ISBN 0-520-04206-9 
  • LeCaine Agnew, Hugh: The Czechs and the lands of the Bohemian crown Hoover Press 2004 ISBN 0-8179-4492-3
  • Leland Goldsmith, Margaret: Maria Theresa of Austria A. Barker, ltd. 1936
  • Lever, Evelyne: Madame de Pompadour: A Life FSR 2002 ISBN 0-374-11308-4
  • Levy, Allison Mary: Widowhood and visual culture in early modern Europe, Issue 7630 Ashgate Publishing Ltd. 2003 ISBN 0-7546-0731-3
  • Magocsi, Paul R. & Canadian Institute of Ukrainian Studies & Harvard Ukrainian Research Institute: Galicia: a historical survey and bibliographic guide University of Toronto Press 1983 ISBN 0-8020-2482-3
  • Mahan, Jabez Alexander (1932), Maria Theresa of Austria, Crowell, https://archive.org/details/mariatheresaofau006542mbp 
  • McGill, William J.: Maria Theresa Twayne Publishers 1972
  • Morris, Constance Lily (2007), Maria Theresa – The Last Conservative, READ BOOKS, ISBN 1-4067-3371-7 
  • Patai, Raphael: The Jews of Hungary: history, culture, psychology Wayne State University Press 1996 ISBN 0-8143-2561-0
  • Penslar, Derek Jonathan: Shylock's children: economics and Jewish identity in modern Europe University of California Press 2001 ISBN 0-520-22590-2
  • Pick, Robert: Empress Maria Theresa: the earlier years, 1717–1757 Harper & Row 1966
  • Roider, Karl A.: Maria Theresa Prentice-Hall 1973 ISBN 0-13-556191-4
  • Russell Richards Treasure, Geoffrey: The making of modern Europe, 1648–1780 Taylor & Francis 1985 ISBN 0-416-72370-5
  • Saperstein, Marc: Your voice like a ram's horn": themes and texts in traditional Jewish preaching Hebrew Union College Press 1996 ISBN 0-87820-417-2
  • Spielman, John Philip: The city & the crown: Vienna and the imperial court, 1600–1740 Purdue University Press 1993 ISBN 1-55753-021-1
  • Temperley, H.W.V: Frederick the Great and Kaiser Joseph Routledge 1968 ISBN 0-7146-1518-8
  • Vovk, Justin C. (2010). In Destiny's Hands: Five Tragic Rulers, Children of Maria Theresa. iUniverse: Bloomington, Ind. ISBN 978-1-4502-0081-3
  • Wyatt, Walter James: Hungarian Celebrities BiblioBazaar LLC 2009 ISBN 1-110-82046-1
  • Yonan, Michael: Empress Maria Theresa and the Politics of Habsburg Imperial Art Penn State Press, 2011. ISBN 978-0-271-03722-6