Maria Theresia Ahlefeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Theresia Ahlefeldt
Maria Theresia Ahlefeldt.jpg
Fødd16. januar 1755
FødestadRegensburg
Død20. desember 1810 (55 år)
DødsstadPraha
OpphavDanmark
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, skribent
MorMarie Henriette zu Fürstenberg
FarAlexander Ferdinand von Thurn und Taxis
Gift medFerdinand Graf von Ahlefeldt-Langeland

Maria Theresia Ahlefeldt, prinsesse av Thurn og Taxis, (16. januar 175520. desember 1810) var ein dansk (opphavleg tysk) komponist. Ahlefeldt blir rekna som den første kvinnelege komponisten i Danmark.[1]

Ho var dotter av Alexander Ferdinand, fyrste av Thurn og Taxis (1704–73) og den tredje kona hans, prinsesse Maria Henriette Josepha av Fürstenberg-Stühlingen (1732–72).[2] Ho var fødd i Regensburg og døydde i Praha, men budde største delen av livet i Danmark. I 1780 gifta ho seg mot viljen til sin eigen familie med grev Ferdinand Anton Christian Ahlefeldt (1747–1815). Ahlefeldt blei utnemnd til hoffmarskalk og seinare direktør for Det Kongelige Teater i København.[3]

Ahlefeldt har blant anna skrive librettoen til den komiske operaen La Folie, ou quel Conte!, medan den største musikalske suksessen hennar var musikken til ein opera-ballet i fire aktar av ballettmeister Vincenzo Galeotti: Telemak paa Calypso sin Øe med tekst av C. Pram. Ho har dessutan skrive komposisjonar for stemme og kammerensemble.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]