Maria Tryti Vennerød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maria Tryti Vennerød
Fødd 17. januar 1978
Oslo
Yrke skodespelforfattar, skribent

Maria Tryti Vennerød (fødd 17. januar 1978 i Oslo) er ein norsk dramatikar. Ho debuterte med «Meir» i 2002 og har sidan skrive ei rekkje tekstar for teater.

Vennerød vann i 2003 den norsk-svenske dramatevlinga arrangert i samband med markeringa av Unionsoppløysinga 2005, med «Frank». Ho fekk Ibsenprisen i 2005 for «Dama i Luka». Ho hadde to av vinnarbidraga i konkurransen 100 og NÅ i 2006 (Testen og Neverland).

Seinare har ho hatt regi på to av sine eigne verk, først GOKK i 2007 og sidan KOK (samtidsopera) i 2009. I oktober 2010 har «Neverland» premiere på Det Norske Teatret, med Jon Tombre som regissør.

Vennerød er oppvaksen i Sogndal og i Førde i Sunnfjord.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk-svensk dramatevling i samband med Noreg 1905-2005 (Frank)
  • Ibsenprisen 2005 (Dama i luka)
  • 100 og NÅ i 2006 (Testen og Neverland)

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 – MEIR : fire skodespel (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-6994-2  [Innhald: Dama i luka ; Krokodillen ; Ta meg på vengene ; Meir]
  • 2009 – Gokk : tre skodespel (Oslo: Samlaget) . ISBN 978-82-521-7505-9  [Innhald: Gokk ; Safari ; Testen]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1993 – Heimland : ei samling av 27 noveller (Førde: Firda) . ISBN 82-992807-1-0 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Så uuthaldeleg normalt : forteljinga om ei åtte minuttar uendeleg vandring / Maria Tryti Vennerød]
  • 2009 – Ådissjen : 25 monologer (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-131-8  [Av innhaldet: Safari / Maria Tryti Vennerød]
  • 2012 – Sa hun : 22 monologer (Oslo: Transit) . ISBN 978-82-7596-217-9  [Av innhaldet: Ulv / Maria Tryti Vennerød]
  • 2014 – Ete fysst : 18 forteljingar om Sunnfjord (Førde: Selja) . ISBN 978-82-8240-086-2  [Av innhaldet: Framande som kjem heim / Maria Tryti Vennerød]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Regiarbeid[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]