Marian Hussein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Marian Abdi Hussein)
Marian Hussein

Fødd24. juli 1986 (37 år)
Somalia
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Marian Abdi Hussein (fødd 24. juli 1986 i Somalia) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV) og stortingsrepresentant for Oslo sidan 2021. Sidan 18. mars 2023 har ho vore nestleiar i SV.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Hussein vart fødd i Somalia og kom til Noreg då ho var ti år gamal. Ho har arbeidd som vernepleiar, i NAV og barnevernstenesta.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I perioden mellom 2017 og 2021 var Hussein 3. vararepresentant for SV i Oslo til Stortinget.[2] Før det, var ho medlem av bydelsutvalet i bydel Gamle Oslo frå 2015 til 2019. Ved Stortingsvalet 2021 var ho på 2. plass på lista til SV i Oslo, og fekk fast plass på Stortinget. Ho vart dimed den fyrste personen med bakgrunn frå Somalia som kom inn som fast representant i nasjonalforsamlinga, og samstundes den fyrste med afrikansk bakgrunn som oppnådde dette.[3][4]

Den 18. mars 2023 vart ho vald inn som nestleiar i SV.[1]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Knežević, Milana (18. mars 2023), «Kirsti Bergstø er SVs nye partileder», NRK (på norsk bokmål), henta 18. mars 2023 
  2. «Biografi: Hussein, Marian», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 18. mars 2023 
  3. «Marian (32) er den første med hijab på Stortinget: – Jeg håper det gjør at vi får flere som tør å bryte barrierer» (på norsk bokmål). Henta 23. september 2021. 
  4. Holte, Eva Alnes. «Marian Hussein (SV) innstilt til plass på Stortinget» (på engelsk). Henta 23. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marian Hussein