Marian Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marian Anderson
Marian Anderson.jpg
Fødd 27. februar 1897
Philadelphia
Død

8. april 1993 (96 år)
Portland i Oregon

Yrke musikar, operasongar, songar
Marian Anderson på Commons

Marian Anderson (27. februar 18978. april 1993) var ein amerikansk altsongar. Ho framførte eit breitt spekter av musikk, frå opera til spirituals. Anderson opptredde med kjente orkester på store konsert- og konsertlokale i heile USA og Europa mellom 1925 og 1965.

Som ein afroamerikansk framifrå klassisk songar blei Anderson ein viktig figur innan kampen mot raseskilje i USA på midten av 1900-talet. I 1939 blei ho nekta av gruppa Daughters of the American Revolution (DAR) å opptre for eit blanda publikum i Constitution Hall i Washington, D.C.[1][2] Fyrstedama Eleanor Roosevelt og tusentals andre meldte seg ut av organisasjonen som følgje.[3] Med støtte frå Roosevelt og mannen hennar, president Franklin D. Roosevelt, heldt Anderson ein kritikarrost utandørskonsert på påskedagen, 9. april 1939, på trappene til Lincoln-minnesmerket i staden.[4] Ho opptredde framfor eit blanda publikum på over 75 000, og eit radiopublikum i milliontal.[5] 7. januar 1955 blei Anderson den fyrste afroamerikanaren til å opptre ved Metropolitan Opera i New York.[6]

I tillegg til songarkarrieren var Anderson delegat ved SN sin menneskerettskomite. Ho var goodwill-ambassadør for utanriksdepartementet i USA, og heldt gjennom dette konsertar over heile verda. På 1960-talet tok ho del i borgarrettrørsla, og song under March on Washington for Jobs and Freedom i 1963.

Anderson har fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I 1963 blei ho tildelt den fyrste Presidentens fridomsmedalje av president John F. Kennedy I 1973 blei ho teken med i Kvinnene sitt æresgalleri i USA. Ho har også ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Musikkdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Marian Anderson at the MET: The 50th Anniversary, Early Career». The Metropolitan Opera Guild. 2005. Arkivert frå originalen February 6, 2006. Henta October 8, 2006. 
  2. «NSDAR Archives Marian Anderson Documents (January–April 1939)». Daughters of the American Revolution. 8 April 2019. Henta June 23, 2020. 
  3. Allan Kozinn, "Marian Anderson Is Dead at 96; Singer Shattered Racial Barriers", The New York Times, April 9, 1993.
  4. Eleanor Roosevelt and Marian Anderson, Franklin D. Roosevelt Presidential Library and Museum
  5. Hansen, Jacqueline (2005). «Marian Anderson, Voice of the Century». United States Postal Service. Arkivert frå originalen 29. september 2007. Henta 5. august 2007. 
  6. Jones, Randye. «Marian Anderson Biography». Afrocentric Voices. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. Henta 12. februar 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Marian Anderson